Hopp til hovedteksten
Storfangst
Storfangst av sild og makrell som det fosser av på vei inn på dekk
Foto: Leif Nøttestad
Utskriftsvennlig versjon

Ingen store endringar i Norskehavs-kvotane

Det er gitt kvoteråd for neste års fiske på nvg-sild, makrell og kolmule, dei tre store bestandane i Norskehavet. Til saman er det snakk om litt over to millionar tonn fisk, sjølv om alle råda går noko ned.

– Kvoteråda for 2015 speglar situasjonen i dei ulike bestandane: Silda slit framleis med rekrutteringa, makrellen er stabil, mens kolmulebestanden veks jamt og trutt, seier Katja Enberg, som leiar forskings- og rådgjevingsprogram Norskehavet på Havforskingsinstituttet.

Stabil makrell, minkande sild

I dag presenterte programleiaren kvoteråda for nvg-sild, kolmule, makrell, vestlig taggmakrell og nordsjømakrell frå ICES (det internasjonale rådet for havforsking). Den anbefalte kvoten for makrell er på 831 000–906 000 tonn, mens 2014-rådet lydde på 927 000–1.011 millioner tonn. Sildebestanden minkar, og den etterlengta ”superårsklassen” lar venta på seg. Anbefalt kvote for nvg-sild er på 283 013 tonn; ca. 135 000 tonn lågare enn rådet for inneverande år.

Gode tal for kolmule

Gytebestanden av kolmule er nestan dobla sidan 2010. ICES anbefalar ein kvote på 839 886 tonn, som er nesten 100 000 tonn lågare enn rådet for inneverande år. Ei av årsakene er at det er gjort ei endring i metoden som er nytta for framskriving av bestanden. Metoden er no i tråd med evalueringa av forvaltingsplanen, og medfører at 2015-rådet er om lag 5 prosent lågare enn det hadde vore med den gamle metoden.
Dei lyse utsiktene for kolmula kjem av god rekruttering og låge fangstar. 

Nedgang for taggmakrellen

Begge dei to taggmakrellbestandane – vestlig taggmakrell og nordsjøtaggmakrell – slit med rekrutteringa, og det viser att i kvoteråda. For vestleg taggmakrell rår ICES til ein kvote som er mindre enn 90 304 tonn, medan kvoterådet for nordsjøtaggmakrell er sett til mindre enn 15 200 tonn.          

 

Her finn du kvoteråda:

Kvoteråd for pelagiske bestandar

Kontaktpersoner

Katja Enberg
410 06 368
Åge Høines
916 04 952
Leif Nøttestad
992 27 025