Hopp til hovedteksten
Forsker grand prix 2014
Florian Sambraus (framme til høgre) frå Havforskingsinstituttet tok seg vidare til landsfinalen saman med vinnaren Audun Havnen, som forskar på ein firedagars kur for tvangslidingar.   
Foto: Aleksander Sandvik
Utskriftsvennlig versjon

Florian til finalen i Oslo

Steril laks – kva, kvifor og korleis – blei så godt forklart av Florian Sambraus at han sikra seg billett til Oslo og landsfinalen i Forskar grand prix.  – Eg må innrømma at eg vart overraska, men veldig glad, sjølvsagt, seier finalisten sjølv.  

Onsdag gjekk Forskar grand prix Bergen av stabelen. Ni doktorgradsstipendiatar hadde fire minutt kvar på seg til å formidla forskinga si. Dommarpanelet og publikum bestemte kven av dei som skulle vidare til andre runde og kjempa om plass i landsfinalen laurdag 27. september.

Ros for metode og resultat

Florian Sambraus brukte sine fire minuttar på å fortelja at steril laks er ei mulig løysing på rømmingsproblematikken i oppdrettsnæringa, men at metoden også gir nokre helseplager for laksen. Han forklarte korleis diettforsøk han har gjort viser nedgang i beindeformitetar hos den sterile laksen. Florian Sambraus fekk ros av dommarane for at han inkluderte metode og resultat; noko som mangla hos fleire av konkurrentane.

Prikkfri seksminuttar

Så godt likte dommarane Florian Sambraus at dei plukka han ut som sitt ”wild card” til finalen saman med dei tre som hadde fått best resultat frå avstemminga. Den sjansen tok han godt vare på, og leverte ein nærast prikkfri presentasjon; denne gongen på seks minutt. Kreativ bruk av rosa og lyseblå ballongar, snedig visualisering av den eigentleg kompliserte trykkbehandlinga av lakseegg og meir metode og resultat ga utteljing. Florian blei ropt opp til andreplassen etter vinnar Audun Havnen frå Institutt for klinisk psykologi (UiB) og Haukeland Universitetssjukehus.


Satsar friskt i Oslo

– Det var svært høgt nivå på dei tre andre finalistane, og dei leverte gode presentasjonar. Så det er rett å seia at eg vart overraska då eg høyrde mitt namn på andreplass, fortel Florian Sambraus.

Han har berre tid og veg før finalen i Oslo som finn stad på Chat Noir. Der har Florian Sambraus same ambisjonar som for konkurransen i Bergen: Gjera det så godt som mulig i første omgang slik at det vonleg blir plass i finalen.

– Så er det opp til publikum og dommarane å avgjera kven som er ein verdig vinnar. Til slutt har eg lyst til å takka alle som har støtta meg i prosessen; arrangørane og rettleiarar frå Forskningsdagene Bergen, vener, kollegaer og andre støttespelarar frå Havforskingsinstituttet.        

 

  


 

Kontaktpersoner

Florian Sambraus
919 18 319
Marie Hauge
975 68 384