Hopp til hovedteksten
Renser_traalen_nett.jpg
Lodda sit ofte fast i trålmaskane og må då ristast ned mot trålposen.
Foto: Georg Skaret
Utskriftsvennlig versjon

Loddekvote til å leva med

Det har vore regelen at loddekvota samsvarar med kvoterådet frå forskarane. Under årets kvoteforhandlingar vart rådet på 6000 tonn sett til side, og den norske og russiske forhandlingsdelegasjonen enda opp med ein 120 000 tonn stor loddekvote. Til å leva med, seier forskarane, som likevel understrekar at det helst bør vera slik at kvoterådet vert lytta til.

– Loddebestanden har vore relativt stor dei siste 5–6 åra, og rekrutteringa har vore god kvart år. Difor får vi vona at det faktisk er grunnlag for ein så stor kvote som kommisjonen no har bestemt seg for. Det seier forskar Harald Gjøsæter, som er norsk representant i ACOM; den rådgjevande komiteen i Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

Store summar

Når ACOM har kome fram til eit kvoteråd, overlèt dei stafettpinnen til dei norske og russiske forhandlingsdelegatane som bestemmer den endelege kvoten. I all hovudsak plar forhandlarane å vera tru mot rådet, men denne gongen vart dei samde om ein kvote på 120 000 tonn. I same runde vart også kvotane for torsk, hyse og blåkveite bestemte. Kvoten for torsk vart sett i tråd med rådet, medan kommisjonen valde å gå høgare enn råda for hyse og blåkveite. Til saman har dei fire barentshavsartane ein førstehandsverdi på mellom 15 og 20 milliardar kroner.    

Isen kompliserte

Problem med å måla loddemengda i haust forklarar langt på veg det store gapet mellom råd og kvote. Mykje is i Barentshavet hindra forskingsskipa å koma til ein del av dei faste områda der dei måler lodda. All isen gjorde også at toktet vart korta noko ned. Dermed fekk ikkje forskarane alle tala dei treng til å rekna ut kvoterådet.

Forhandlingane for lodderådet følgjer rett etter toktet, og det medførte at forskarane – nærast på sparket – måtte finna opp ein metodikk for å gje eit råd, fortel Bjarte Bogstad, som er leiar for arbeidsgruppa på arktiske bestandar i ICES. Denne gruppa utarbeidar råda for bestandane i Barentshavet.

– Vi hadde to val: Ta utgangspunkt i prognosane frå toktet i 2013 og skriva dei fram eitt år eller basera oss på den romlege fordelinga av lodde dei tre siste åra.

Ulik grad av uvisse

Dei to metodane ga ulike råd. Den første ville gitt eit råd om å fiska mindre enn 195 000 tonn, medan den andre – som i størst grad tok høgde for uvisse – resulterte i eit råd på 6000 tonn. 6000 tonn vart også det endelege kvoterådet frå ACOM. Då forhandlingane tok til vart også alternativet med det høgaste kvoterådet presentert. Resultatet av forhandlingane vart altså ein kvote på 120 000 tonn.

Meir eller mindre føre-var

– Det er klart at det er knytt større risiko til ein kvote av denne storleiken, og vi ser helst at dei råda vi gjev vert lytta til. Men her er det også snakk om kor føre-var vi skal vera. Det er forvaltarane som har bestemt forvaltingsregelen som seier kor forsiktige vi skal vera når vi gir våre råd. Men dei står sjølvsagt fritt til å fråvika denne regelen, seier Bjarte Bogstad. Han legg til at loddeinnsiget til våren vil gje ein peikepinn på korleis det står til med bestanden og om kvoten er forsvarleg.     

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177
Bjarte Bogstad
924 22 352