Hopp til hovedteksten
Krill_Petter_F._nett.jpg
(ill.foto)
Foto: Petter Fossum
Utskriftsvennlig versjon

Krill døde ikkje av avlusingsmiddel

Det var ikkje avlusingsmiddel frå oppdrettsanlegg som førte til at krill døde i Ålfjorden i Hordaland i september. Det viser resultata etter at død krill blei analysert for å sjå om dei hadde fått i seg avlusingsmiddel.

- Det vart ikkje funne nokon restkonsentrasjon av dei tre stoffa vi analyserte for, seier forskar Ole Samuelsen.

I forkant av analysane vart det undersøkt kva kjemiske stoff som hadde vore brukt til avlusing i området før den døde krillen blei observert. Dei tre stoffa som var aktuelle var azametiphos, deltamethrin og cypermethrin. Ingen av desse vart funne i prøvane.

- Vi veit ikkje kva som var årsaka til at mykje krill døde i Ålfjorden no i haust. Det har også vore observert liknande tilfelle andre stadar tidlegare, men heller ikkje då har ein funne årsaka, seier Samuelsen.

Prøvane vart analyserte av Nifes.

Fakta om arktisk krill

Latinsk navn: Meganyctiphanes norvegica
Andre norske navn: Storkrill
Familie: Euphasiidae
Maks størrelse: 45 mm
Levetid: 3 år
Leveområde: Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet
Gytetidspunkt: Vår (april-mai)
Føde: Plante- og dyreplankton

Arktisk krill

Kontaktpersoner

Ole Samuelsen
970 76 918