Hopp til hovedteksten
Renser_traalen_nett.jpg
Lodda sit ofte fast i trålmaskane og må då ristast ned mot trålposen.
Foto: Georg Skaret
Utskriftsvennlig versjon

Kraftig kutt i lodderådet

Neste års kvoteråd for lodde i Barentshavet er på 6000 tonn. Rådet er normalt basert på resultata frå det faste loddetoktet, men i år vart målingane i deler av dekningsområdet hindra av store mengder is. Det betyr at havforskarane har måtta ty til andre metodar for å rekna seg fram til kor mykje lodde som kan fiskast. 

Tilrådd loddekvote for 2015 er på 6 000 tonn; medan kvoterådet for inneverande år er på 65 000 tonn.

Isen hindra målinga

Dei siste åra har pila peika svakt nedover for loddebestanden. Når 2015-rådet er sett så lågt, skuldast det likevel andre forhold enn den generelle tilbakegangen. Under årets økosystemtokt vart det funne lite vaksen lodde. Isdekket gjekk langt sør samanlikna med tidlegare år, og truleg stod deler av loddebestanden i område forskarane ikkje kom til – anten nær eller under isen.

– Dermed fekk vi ikkje danna oss eit fullgodt bilete av storleiken på bestanden, seier Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde.

To ”reserveløysingar”

I år var truleg første gong at forskarane ikkje kunne leggja toktresultatet direkte til grunn for framskrivinga av bestanden.
Om dei hadde basert seg utelukkande på toktresultata, hadde kvoterådet hamna på null fangst. For å kompensera for manglande dekning vart to ulike metodar vurderte. Den første metoden nyttar framskrivingar av bestanden frå fjorårets tokt, medan den andre tek i bruk resultat frå årets tokt korrigert for det udekte området. Etter nokre rundar med diskusjonar valde ICES å gå for den sistnemnde metoden, som ein antok var minst usikker.

Oppskalert med 40 prosent

Georg Skaret understrekar at den valde metoden også har sine svake sider. Mellom anna vert det lagt til grunn at loddeutbreiinga i år er samanliknbar med dei førre åra då det ikkje var is der.

– Ei samla vurdering tilsa likevel at det er svært sannsynleg at det opprinnelege estimatet frå toktet er eit underestimat. Metoden som blei vurdert som mest forsvarleg tilseier ei oppskalering med 40 prosent, basert på loddefordelinga frå siste års tokt for å kompensera for manglande dekning. Dette gav eit kvoteråd på 6000 tonn, forklarar han.

 

 

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Lodde i Barentshavet

Les heile rådet:

Kontaktpersoner

Georg Skaret
951 61 038