Hopp til hovedteksten
JH-Symposium
Utskriftsvennlig versjon

Arven etter Johan Hjort

I 1914 skreiv Johan Hjort sitt store verk der han viser at dei store vekslingane i fiskeria skuldast at rekrutteringa varierte frå år til år. Hjort hadde brukt sildeskjel til å bestemme alderen på individa, og dermed kunne han dokumentere at einskilde årsklassar dominerte bestanden gjennom fleire år. Boka endra internasjonal havforsking sitt syn, og 100 år etter er den framleis blant dei mest siterte bøkene skrivne av norske havforskarar.

Korleis står Johan Hjort si forsking seg i dag? Står vi på skuldrene til Hjort og byggjer vidare på hans arbeid eller står vi i skuggen av denne giganten i internasjonal fiskeriforsking? Om lag 120 forskarar frå 23 land gjorde opp status for det på det første Johan Hjort-symposiet i byrjinga av oktober.

Rekruttering er viktigast

- At rekrutteringa er viktig for variasjonane i storleiken på bestandane er alle framleis samde om, konkluderte Geir Ottersen i sitt innlegg. Han og kollegaer på Havforskingsinstituttet, Universitetet i Oslo og PINRO har gått gjennom Hjort sine utsegn og vurdert dei opp mot den kunnskapen vi har produsert gjennom 100 år.
Hjort meinte òg at talet på gytte egg i seg sjølv ikkje er nok for å bestemme årsklassestyrken. Det er dagens forskarar òg samde i. Det trengs kunnskap frå fleire kjelder for å gjere gode berekningar.
Ein årsklasse som er målt til å vere rik på eit tidleg livsstadium kan ende med å gi få ”rekruttar” i fisket, og ein sterk årsklasse kan ha sitt opphav i eit år med lite gyting, skriv Hjort. Med dagens kunnskap meiner forskarane at det kan skje, men om dette skulle vere det generelle biletet vil det bety at samanhengen mellom bestand og rekruttering ikkje er relevant – og det er ein ikkje samd i. Ein reknar med at det er ein underliggjande effekt i bestanden som handlar om kor tett den står, storleiken, korleis den fordeler seg i storleik og foreldrefisken sin genetikk, aldersstruktur og kondisjon.

Hjort symposiet

Debatt etter innlegget

Foto: Aleksander Sandvik

Ikkje mat åleine

Hjort meinte at tilgang på næring når larvane skal ete for første gong vil vere avgjerande for årsklassestyrken. Han kallar dette ”den kritiske perioden”.  –  Berre delvis sant, utsagnet er for enkelt, meiner dagens havforskarar. Ed Houde skreiv mellom anna i 2008 at ”variasjon i rekruttering skuldast kompleks trofisk dynamikk og fysiske prosessar som føregår på mange skalaer i tid og rom i tida før rekruttering.”
At larvane døyr dersom dei driv inn i område som ikkje er gunstige for dei, er dagens forskarar og Hjort samde om. Men dette er berre ein av fleire ting som påverkar årsklassestyrken, meiner Ottersen og hans kollegaer.

- Aldersstrukturen i ein bestand er viktig og det må forskast meir på dette, skreiv Hjort. I Hjort-utgåva av ICES Journal of Marine Science skriv L.W. Botsford og hans kollegaer at dette gjeld for mange bestandar. Men, understrekar dei: - Hjort var meir interessert i å kunne prognostisere utbyttet frå eldre aldersgrupper basert på talet på ung fisk, enn i kva aldersstrukturen betyr for dynamikken i bestanden.” 

Artiklane frå symposiet vert publiserte i Canadian Journal of Marine Science

Les mer om Hjort-symposiet

Les mer om Hjortsenteret

Middag i Håkonshallen

Symposiummiddag i Håkonshallen

Foto: Aleksander Sandvik

Kontaktpersoner

Olav Kjesbu
930 47 611