Hopp til hovedteksten
Tegninger av det nye skipet
Utskriftsvennlig versjon

Ny Dr. Fridtjof Nansen skal byggjast i Spania

I 2016 skal det nye forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen vere klart. Det skal erstatte dagens Dr. Fridtjof Nansen som har vore på havet sidan 1993. Det nye fartøyet til 450 millionar kroner, skal byggjast ved det spanske verftet Astilleros Gondan som ligg i Castropol i Asturias, Nordvest-Spania.

Kontrakten på bygging av det nye fartøyet vart signert i Utanriksdepartementet i dag. Dr. Fridtjof Nansen tilhøyrer NORAD og vert drive av Havforskingsinstituttet, som òg leier byggeprosjektet. Difor var det administrerande direktør Tore Nepstad ved Havforskingsinstituttet og direktør Alvaro Platero frå verftet Astilleros Gondan som signerte kontrakten.

Partene tar hverandre i hånden

Dr. Fridtjof Nansen arbeider i havområda utanfor Afrika og Søraust-Asia. Det nye fartøyet vert det tredje i rekka av forskingsfartøy med same namn og same oppdrag. Eit moderne forskingsfartøy er sentralt i arbeidet med å få etablert kunnskapsgrunnlaget for berekraftig forvalting av ressursane. Det nye fartøyet får fleire laboratorium, fleire lugarar og meir vitskapleg utstyr for å løyse oppgåvene som ligg i EAF (Ecosystem Approach to Fisheries) Nansenprogrammet til FAO (FN sin matvareorganisasjon).

Nye Dr. Fridtjof Nansen er designa og prosjektert av Skipsteknisk i Ålesund. Det vert 74,1 meter langt og 17,4 meter breitt, får 32 lugarar med plass til 45 personar og dieselelektrisk framdrift.

Signering