Hopp til hovedteksten
Svein Sundby
Svein Sundby er ein av hovudforfatterne av kapitlet om verdenshava i den femte klimarapporten frå FN sitt klimapanel.
Utskriftsvennlig versjon

Framtidas mat kjem frå havet

Havet er nøkkelen til ein del av dei problema klimaendringane fører med seg. Mens matproduksjonen på land har nådd brestepunktet mange stader, er det svært mykje å gå på i havet. – Men framtida er ikkje oppdrettslaks og villfiska torsk. Vi må hausta meir effektivt – då må vi lågare ned i næringskjeda, seier klimaforskar Svein Sundby.  

I dag lanserer FNs klimapanel sin femte klimarapport. Svein Sundby er ein av seks norske hovudforfattarar. Han har arbeidd med kapittel 30 som handlar om det opne havet.

Må utnytta havet betre

Det er første gangen at verknadene på livet i havet er behandla i eigne kapittel i klimarapporten. På høg tid, meiner Svein Sundby.
– Nokre av dei klimautfordringane vi har framom oss har sitt svar i havet. Skal vi klara å produsera nok mat i framtida, må vi bruka langt meir av dei marine ressursane. Sjølv om halvparten av planteproduksjonen på kloden skjer i havet, så haustar vi i dag berre to prosent av denne produksjonen.

Skjell, algar og krill

Meir av produksjonen må koma frå havbruk, og det må satsast på effektive oppdrettsartar som skjell og algar, seier Sundby.
Fiskeria har nådd tolegrensa i si noverande form; men det er stort potensial om vi tar ut meir av dei planteetande organismane og ressursane lenger ned i næringnettet som krill og anna dyreplankton. I Bergen er det til dømes havforskarar som testar ut sjøpølser som fôr.

Vinnarane og taparane

For oss fortonar havet seg som likt over det meste, men under vassflata fins det mange ulike typar marine økosystem. Desse økosystema har ulik produktivitet, dei verkar på forskjellig vis og reagerer svært ulikt på klimaendringane, forklarar Sundby. Sjølv om det er usikkert korleis dei ulike økosystema responderer på klimaendringane, er det klart at marine artar flyttar seg mot høgare breidder, og vi ser også at produktiviteten aukar her. I tropiske område blir det stikk motsett. Der går det mot eit redusert artsmangfald og lågare produktivitet.

– Denne forflyttinga medfører at dei som allereie har mykje får meir, medan dei som har lite får mindre. Ei slik fordeling av dei tilgjengelige ressursane har heilt klart eit etisk aspekt, seier Sundby.

Men bakom truar havforsuringa…

Det er også eit anna aspekt som spelar inn når det skal gjerast opp status for våre havområde; nemleg havforsuring. Sundby peikar på at havforsuringa kan bli eit stort problem dersom vi slepp ut CO2 etter prinsippet ”business as usual”. Det kan snu om på den gunstige produktivitetsutviklinga i våre farvatn, spesielt fordi det er vi i nord som først får problema med forsuring. Det vil primært gå ut over kalkdannande organismar og deretter virvellause dyr. Fisken blir truleg ikkje mykje påverka, men den kan bli ramma indirekte dersom kalkdannande organismar viser seg å ha nøkkelrollar i det marine økosystemet.