Hopp til hovedteksten
Havforskningsrapporten 2014
Utskriftsvennlig versjon

Eit tverrsnitt av havforskinga

Havforskingsrapporten 2014 famnar breitt og har aldri vore meir innhaldsrik. Rapporten gjev eit tverrsnitt av aktivitetane våre i laboratoria på land, langs kysten og ute i det opne havet.

Sidan 2010 – då oppdateringane frå akvakultur-, kyst- og havforskinga vart samla i ein årleg publikasjon – har Havforskingsrapporten gjort opp status for dei fysiske og biologiske tilhøva i dei store økosystema i norske farvatn. Rapporten omhandlar også overvaking og forsking på akvakulturfeltet. Eit eige kapittel er sett av til dei levande marine ressursane; både dei som vert fiska i stort mon og andre ikkje-kommersielle artar. I årets rapport presenterer vi så mange som 60 artar med nøkkeltal, fakta om bestanden og annan oppdatert informasjon.

Havforskingsinstituttet skal arbeida økosystembasert; og det betyr mellom anna at dei ulike artane i økosystema skal sjåast i ein større samanheng. I årets rapport viser vi mellom anna korleis makrellen pregar dynamikken i Norskehavet, og arbeidet som vert gjort internasjonalt for å forvalta makrellen og silda på ein god måte.

Rapporten kan bestillast direkte i skjemaet under eller lesast i digital versjon.            

Navn *

E-post *

Full adresse *

Firma/institusjon


Havforskingsrapporten 2014

Les heile rapporten (PDF)

Kontaktpersoner

Beate Hoddevik
908 21 630
Marie Hauge
975 68 384