Hopp til hovedteksten
Smolt med lakselus.
Smolt med lakselus.
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

Har starta overvakinga av lakselus

Også i år skal talet på lakselus på ville bestandar av laks, sjøaure og sjørøye overvakast frå Alta i nord til Boknafjorden i sør. I sør er feltarbeidet alt i gang, mellom anna er det sett ut små vakttbur i Hardangerfjorden med lakselsmolt. I Nord-Noreg startar feltarbeidet noko seinare på grunn av låg sjøtemperatur og dermed seinare lakseutvandring enn i sør. Feltarbeidet held fram til august/september.

Så langt som mogeleg vert resultata analyserte parallelt med feltarbeidet. Også i år vil det kome to foreløpige framdriftsrapportar, den første i juni og den andre i september. Den endelege rapporten kjem i desember.

Sist veke var forskingsfartøyet ”Hans Brattstrøm” på tokt i Hardangerfjorden for å sette ut vaktbur med laksesmolt. Dette er små bur på omtrent ein kubikkmeter som vert plassert like under overflata på utvalde stasjonar. Stasjonane er dei same frå år til år slik at resultata kan samanliknast. Om 14 dagar kjem forskarane tilbake til vaktbura for å telje kor mykje lus kvar enkelt smolt har på seg. Slike vaktbur skal også settast ut i Romsdal, Namsen-området og i Altafjorden.

I overvakingsområdet vert det òg brukt trål, garn og ruse for å undersøke kor mykje lakselus vill laksefisk har på seg. I tillegg brukar forskarane modellar der ein mellom anna tar omsyn til straum og temperatur for å sjå korleis lakselusa spreier seg.

Vaktbur

Vaktbur sett frå overflata. Buret heng rett under den eine blåsa, og stikk ca. ein meter ned.

Foto: Lars Asplin

Nasjonalt overvakingsprogram

Overvakinga er ein del av det nasjonale overvakingsprogrammet av lakselus på villfisk. Havforskingsinstituttet leiar overvakinga som blir gjennomført i samarbeid med NINA, UNI-miljø og Rådgivende biologer. Overvakinga er bestilt av Mattilsynet som har hovudansvaret for å overvake sjukdomssituasjonen og  kartlegge effekten av tiltak mot lakselus i nasjonale laksefjordar.

Om overvakinga

Målet med overvakinga er å få nok datagrunnlag til å evaluere effekten av nasjonale laksefjordar og Mattilsynet sine soneforskrifter, samt å skaffe data for å vurdere lakselus i henhold til regjeringa sin strategi for en miljømessig bærekraftig havbruksnæring. Data frå overvakinga vert og nytta for å følgje opp forslag til førstegenerasjons målemetode for miljøeffekt (effektindikatorar) med tanke på påverknad av lakselus frå oppdrett på viltlevande laksefiskbestandar. Det blir gjort for å vurdere om tiltaka som forvaltning og næring startar er riktige og tilstrekkelige.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Pål Arne Bjørn
976 17 140
Lars Asplin
994 04 871
Beate Hoddevik
908 21 630