Hopp til hovedteksten
Torsk
Utskriftsvennlig versjon

God forvalting hovudårsak til rekordsterk torskebestand

Korleis kan det ha seg at bestanden av nordaustarktisk torsk er den beste nokon sinne medan andre torskebestander i Atlanteren slit? God forvalting og betre klima er svaret, meiner ei gruppe forskarar ved Havforskingsinstituttet som har fått publisert ein artikkel om temaet i det velrenommerte tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America (PNAS) nyleg.

Gytebestanden av nordaustarktisk torsk har aldri vore høgare i den lange tidsserien av målingar Havforskingsinstituttet har frå 1900. I artikkelen dokumenterer forskargruppa at det først og fremst er det gode forvaltingsregimet Noreg og Russland har etablert i Barentshavet som skal ha hovudæra for at det no er så mykje nordaustarktisk torsk. I tillegg har klimaendringane generelt ført til at torskebestanden er blitt meir produktiv. Auka temperatur har utvida torsken sitt beiteområde og vert kopla til større gytebestand og totalbestand.

Noreg og Russland har samarbeidd om forvaltinga av Barentshavet gjennom Den norsk-russiske fiskerikommisjon sidan 1977. Det nære samarbeidet mellom norske og russiske havforskarar ved Havforskingsinstituttet og PINRO i Murmansk går tilbake til 1957. Felles tokt og deling av data er sentrale element i ei felles forståing av økosystemet.

Eit sentralt element i forvaltingshistoria er stoppen i det ulovlege, urapporterte og uregulerte fiskeriet som føregjekk i perioden 2004 til 2007. Dette førte mellom anna til at data som vart lagt inn i bestandsberekningsmodellane vart rettare, og det reduserer usikkerheita i berekninga av kvoteråd.

Det faktum at Noreg og Russland har halde seg til forvaltingsregelen dei vart samde om i 2004 har vore svært avgjerande for at fiskeriet har vore gjennomført på eit berekraftig nivå. I artikkelen samanliknar forskarane denne nye forvaltingsregelen med tidlegare regelverk, og dei finn at det ikkje hadde vore mogeleg å gjennomføre eit berekraftig fiskeri med dei regelsetta ein nytta før dette.

Rapportering og kontroll som fungerer har òg vore sterkt medverkande til den sterke veksten i torskebestanden. For det er talet på fisk som har auka, den individuelle veksten og rekrutteringa til bestanden har vore normal. Det ser dessutan ut til å ha vore nok mat til torsken, i det minste så langt. Lodda, som er torsken sin yndlingsmat, ser òg ut til å leve godt i eit varmare klima, og han er tilgjengeleg for torsken i større delar av havområdet han no lever i.

Artikkelen er eit resultat av nært samarbeid mellom forskarar med fagbakgrunn innan fysiologi, økologi, bestandsberekningar og oseanografi ved Havforskingsinstituttet.

Artikkel:

Synergies between climate and management for Atlantic cod fisheries at high latitudes

Olav Sigurd Kjesbu, Bjarte Bogstad, Jennifer Devine, Harald Gjøsæter, Daniel Howell, Randi Ingvaldsen, Richard Nash, Jon Egil Skjæraasen. 2014. Synergies between climate and management for Atlantic cod fisheries at high latitudes. Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America (PNAS) 111 (9): 3478-3483 (open access)

 

 

Hjort senteret for marin økosystemdynamikk

Hjort senteret (NB: Engelsk)

Kontaktpersoner

Olav Kjesbu
930 47 611