Hopp til hovedteksten
Havsil
Tobis er eit samleomgrep for fleire artar i silfamilien. Havsil er den viktigaste i fiskeriet i Nordsjøen.
Foto: Espen Johnsen
Utskriftsvennlig versjon

Gjev ekstra tobisråd på 15 000 tonn

Det pågåande tobistoktet i norsk økonomisk sone har avdekt at 2013-årsklassen av tobis er sterk i enkelte område. Den betra bestandssituasjonen gjer at Havforskingsinstituttet rår til å auka den førebels kvoten med ytterlegare 15 000 tonn.

Grunna svak rekruttering var bestanden av vaksen tobis svært låg i 2013, og det mangla pålitelege mål på styrken av 2013-årsklassen. I byrjinga av april i år ga Havforskingsinstituttet difor eit førebels kvoteråd på tobis på 15 000 tonn for 2014. Eit oppdatert råd var varsla i samband med det akustiske toktet i april–mai.

Tobistoktet viser no at 2013-årsklassen er veldig god i nokre viktige tobisområde. Sjølv om toktet ikkje er meir enn halvgått og ein del data ikkje er ferdig opparbeida, så viser dei tilgjengelege resultata at bestandssituasjonen er markant betre enn i 2013. Det gjer at Havforskingsinstituttet finn det biologisk forsvarleg å gje råd om at det vert lagt til 15 000 tonn på den førebels kvoten. Etter det utgjer kvoten 30 000 tonn. Instituttet anbefalar førebels ingen endringar når det gjeld dei områda som er åpne for fiskeri. 

Endleg råd, som byggjer på ferdigført akustisk tokt, kjem 15. mai.  

Fakta om tobis

Latinsk navn: (Ammodytes marinus)
Andre norske navn: Havsil
Familie: Ammodytidae
Gyteområde: Vikingbanken til danskekysten, Dogger, Storbritannia og ved Shetland
Leveområde: Som for gyteområde
Føde: Små planktoniske krepsdyr (raudåte), fiskeegg og -yngel
Levetid: Blir sjelden over 10 år
Maks størrelse: 24 cm og 0,1 kg
Særtrekk: Gjemmer seg ved å bore seg ned i sandbunnen
 

Tobis

Kontaktpersoner

Espen Johnsen
906 06 394