Hopp til hovedteksten
Tore_og_Konstantin_undertegner_avtalen_210514_nett.jpg
Administrerende direktør ved Havforskingsinstituttet, Tore Nepstad (t.v.) og Pinro-direktør Konstantin Drevetnjak underteiknar den nye avtalen mellom dei to institutta.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Fornya avtalar med Russland

Havforskingsinstituttet har fornya avtalene med dei russiske havforskningsinstitutta Vniro og Pinro.

– Vi held fram med det gode samarbeidet vi har hatt med dei russiske partnarane våre, og vi utvidar det til å gjelde ein del nye område, seier administrerande direktør Tore Nepstad i Havforskingsinstituttet. Denne veka har han leia ein delegasjon frå Havforskinga som vitja Vniro i Moskva og Pinro i Murmansk.

Ulik

Nepstad seier avtalen med Vniro er ulik avtalen med Pinro.
– Pinro-avtalen er meir detaljert enn avalen med Vniro. Det har samanheng med kor tett vi samarbeider. Vi har meir eller mindre dagleg kontakt med Pinro, både når det gjeld samordning av tokt, forsking, metodeutvikling og innsamling av data. Dette dannar det vitskapelege grunnlaget for kvoteråda, råd som i siste instans blir kvalitetssikra og fremma av Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Derfor har vi ein samarbeidsavtale med Pinro, mens vi har ein såkalla ”avtale om gjensidig forståing og ansvar” (MoU) med Vniro, seier Nepstad.

Utvida

Havforskinga og Pinro har hatt avtalar om forskingssamarbeid sidan 1958, og avtalen har opp gjennom åra blitt både fornya og utvida. Samarbeidet har først og fremst dreidd seg om Nord-Atlanteren og Barentshavet. I den nye avtalen er det geografiske området utvida til også å omfatte Polhavet. 
– Denne gongen har vi også tatt med forsking omkring havbruk som eit nytt samarbeidsområde, og vi opnar for at vi ein gong i framtida kan samarbeide om marin bioprospektering, fortel Nepstad.

Først og fremst krabbe

Vniro er det allrussiske havforskingsinstituttet og held til i Moskva. Det driv eigen forsking, og det koordinerer forskinga som skjer ved dei regionale havforskingsinstitutta som har ansvar for kvart sitt område. Vniro og Havforskinga underteikna sin første avtale i 2007, og det var den som blei fornya denne veka.
– Avtalen gjeld først og fremst samarbeid om forsking på kongekrabbe og snøkrabbe, men den omfattar også generell havforsking, avsluttar Nepstad.

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602
Gunnar Sætra
916 11 414