Hopp til hovedteksten
Torskefangster i Senjahopen
Torskefangster på vei til fiskemottaket Nergård i Senjahopen.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Torskerådet går ned med ti prosent

Etter ein periode med stadig høgare kvoteråd på torsk, ser toppen no ut til å vera passert. Kvoterådet for neste år er på 894 000 tonn – det er 100 000 tonn lågare enn årets råd.

– Men sjølv med ein nedgang på ti prosent er det er framleis snakk om ein høg kvote. Faktisk må vi heilt attende til 1977 for å finna torskekvotar som har vore over 900 000 tonn slik vi har hatt dei to siste åra, seier Bjarte Bogstad, som er bestandsansvarleg for nordaustarktisk torsk på Havforskingsinstituttet.

Torsk til middag halve året

For tida er det rekordmykje torsk i Barentshavet, og kvoterådet på nett under 900 000 tonn gjev så mykje fisk at alle som bur i Noreg kunne ha ete torsk til middag annankvar dag året til ende. At kvoterådet for 2015 er lågare enn dei føregåande åra skuldast at dei to usedvanleg gode årsklassane frå 2004 og 2005 er på veg ut av torskebestanden. Årsklassane etter 2005 har vore meir normale, og nedgangen som kjem med 2015-rådet er venta og i tråd med haustingsregelen, seier Bogstad. 

Auke for seien

Det er ICES, det internasjonale råd for havforsking, som gjev kvoteråd på nordaustarktisk torsk og dei andre arktiske bestandane. Samanlikna med årets kvote betyr kvoterådet for nordaustarktisk hyse ein nedgang på 13 500 tonn, medan oppgangen for seien er på 3 000 tonn.Også snabelueren har framgang sjølv om det framleis er snakk om eit lite fiske. Betra rekruttering dei siste åra gjer at det neste år vert foreslått ein kvote på 30 000 tonn. Det er 6000 tonn meir enn i år. For vanleg uer, den andre uerarten i Barentshavet, er det inga betring å spora, og det vert råda til null fangst også neste år. Kvoteråda for blåkveite og kysttorsk er stort sett uendra frå årets anbefalingar frå ICES.
           

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352