Hopp til hovedteksten
Sildelarve
Årets sildelarvetokt fann stad første halvdel av april. Det vart funne rikeleg med larver utanfor kysten av Møre.  
Foto: Karsten Hansen
Utskriftsvennlig versjon

Sildelarvene: vellukka klekking på Mørefelta – lite gyting i nord

Under årets sildelarvetokt vart det funne relativt store mengder sildelarver på Mørefelta. Om det er snakk om ein superårsklasse får vi først vita til hausten når økosystemtoktet går av stabelen.    

Hovuddelen av larvene vart observerte på Møre og utafor trøndelagskysten, fortel forskar Erling Kåre Stenevik som koordinerte larvetoktet til Havforskingsinstituttet.

Høg dødelegheit

Dei store funna på Mørefelta tyder på at klekkinga der har vore vellukka. Totalt fann forskarane 75.90 billionar larver. Det er eit relativt høgt tal og om lag på same nivå som i fjor. Stenevik understrekar at det store talet på sildelarver ikkje automatisk betyr at årsklassen blir sterk.

– Dessverre er det ikkje nokon samanhang mellom talet på larver så tidlig etter klekking og kor mange vi finn igjen som yngel om hausten. Det er svært høg dødelegheit på dette stadiet. 

Sildelarvetoktet 2014

Figuren viser talet på sildelarver per kvadratmeter.

Mykje som skal klaffa

Stenevik fortel at det har vore fleire rekordhøge larveindeksar dei siste åra, likevel må vi heilt tilbake til 2004 for å finna den førebels siste store årsklassen. Den første peikepinnen på korleis det stiller seg for årets årsklasse av nvg-sild kjem på økosystemtoktet som skal gå i Barentshavet i haust.

Mange ulike forhold påverkar overlevinga til larvene, og det kan variera frå år til år kva faktorar som spelar saman og veg tyngst.

– Dei nyklekte sildelarvene treng mat tidsnok for å overleva, og nokre år kjem våroppblomstringa for seint. Driftsbanen larvene følgjer nordover frå gytefelta til oppvekstområda i Barentshavet er også viktig. Til dømes er det ikkje optimalt om larvene møter på mykje svolten makrell på veg nordover, seier Stenevik.   

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384