Hopp til hovedteksten
Sildefangst
Trålhal med sild
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Beskjeden nedgang i kvoterådet for nordsjøsild

Kvoterådet for nordsjøsild for neste år er på 429 797 tonn. Det er vel 40 000 tonn lågare enn årets kvote. Reduksjonen skuldast ein nedgang i bestandsstorleiken.

2015-rådet er gitt på bakgrunn av forvaltningsplanen som er avtalt mellom EU og Noreg i 2008. Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har vurdert planen som føre-var.

Svak rekruttering, men stor gytebestand og berekraftig fiske

– Vi må heilt tilbake til 1998 og 2000 for å finna ein god årsklasse av nordsjøsild. Det ligg an til ein reduksjon i bestanden, og då seier forvaltingsplanen at kvoten skal ned, fortel Cecilie Kvamme, som er bestandsansvarleg for nordsjøsild på Havforskingsinstituttet.

Dei siste femti åra har dei internasjonale fangstane av nordsjøsild veksla mellom 11 000 og 1,2 millionar tonn. Den svake rekrutteringa sidan 2000 har alt fått konsekvensar for haustinga, og dei siste åra er det fiska noko mindre av både ung og voksen sild for å sikra eit berekraftig fiske.

Viktig nordsjøressurs

Etter makrell og kolmule er nordsjøsild den viktigaste fiskeriressursen i Nordsjøen, og dei siste åra har verdien på det norske nordsjøsildfisket lege litt under og noko over ein halv milliard kroner. Til samanlikning vert det fiska norsk vårgytande sild langs norskekysten for vel tre milliardar kroner årleg. Fisket etter nordsjøsild føregår hovudsakleg med ringnot, men også trål. Det vert også tatt noko nordsjøsild som bifangst i industritrålfisket.

 

 

 

Fakta om nordsjøsild

Latinsk navn: Clupea harengus                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                        Familie: Clupeidae
Maks størrelse: Sjelden større enn 25
cm og 0,5 kg
Levetid: Sjelden mer enn 15 år
Leveområde: Nordsjøen, Skagerrak og
Kattegat
Hovedgyteområde: Nordvestlige
Nordsjøen (Shetland)
Gyteperiode: Fra august til januar
Føde: Dyreplankton
Særtrekk: Silda begynner å gå i stim allerede
når den er 3–4 cm lang
 

Nordsjøsild

Les heile rådet:

Kontaktpersoner

Cecilie Kvamme
454 49 350