Hopp til hovedteksten
Fisk_pa_kaia_Senjahopen.jpg
Den store torskebestanden i nord gjer at fiskarane kan bringe store fangstar på land, mellom anna i Senjahopen.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Både like og ulike utsikter for skrei og stillehavslyr

Torsken i Barentshavet kan komme til å spreie seg austover etter kvart som temperaturen i nord stig. Slektningen i aust, stillehavslyren, må gjennom nålauget Beringstredet.

Havforskarane Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet og Anne Hollowed i Alaska Fisheries Science Center har analysert utviklinga for den nordaustarktiske torsken (skreien) i Barentshavet og stillehavslyren i Beringhavet. Analysen publiserast i det vitskaplege tidsskriftet Science i dag.

På mange område har dei to artane utvikla seg likt, mens dei på andre område har utvikla seg forskjellig.
– Bestandane av begge artar har vokse sidan 1980/90-talet. Det har skjedd samtidig som temperaturen har auka i farvatna kor desse artane held til, seier Svein Sundby.
Mange har tolka denne temperaturauken som eit reint menneskeskapt signal. Det er ikkje tilfelle.
– For torsken i Barentshavet har vi tidsseriar som går langt bakover i tid. Dei fortel oss at vi hadde ein stor skreibestand under den førre ”varmebølgja” frå 1920 til 1940-talet. Dessverre finst det ikkje tilsvarande lange tidsseriar frå Beringhavet, seier han. Det er kombinasjonen av menneskeskapte og naturlege klimasvingingar som har skapt den kraftige temperaturauken dei siste 30 åra.

Austover

Torsken i Barentshavet har allereie nådd nordgrensa for utbreiinga si. Hausten 2012 blei det sett ”verdsrekord” i nordleg torskeutbreiing då det russiske forskingsfartøyet ”Vilnius” registrerte torsk på 82 grader og 30 minutt nord.
– Torsken er ein botnfisk som ikkje vil gå ut i det djupe Polhavet. Det er meir sannsynleg at han vil spreie seg austover på sokkelen nord for Russland, seier Sundby.

Nålauge i Beringstredet

I artikkelen skriv Hollowed og Sundby at føresetnadene for stillehavslyren (Alaska pollock) til å spreia seg vidare mot arktiske område er ulike. Det skuldast straumsystema og topografien med mellom anna nålauget Beringstredet mellom Beringhavet og Polhavet.

– Stillehavslyren mistrivst når sjøtemperaturen kjem ned mot null grader, og heilt nord i Beringhavet er det alltid svært låge temperaturar.
På den andre sida av det eurasiske kontinentet er det annleis. Her strøymer atlantisk vatn inn i Barentshavet og fortrenger det kalde vatnet. Samstundes bringer det med seg næringsstoff som også er bra for den biologiske produksjonen.
– Begge deler er med på å auke produksjonen av planteplankton, ein produksjon som dannar grunnlag for alt anna liv i dette havområdet, seier han.

Forsterkast

Sundby seier også at måten vi fisker på også er viktig for utviklinga av den nordaustarktiske torsken og andre fiskeslag. 
– Fiskemønsteret kan vere med på å forsterke dei naturlige svingingane. Det ser ut til at vi har ein tendens til å fiske for mykje når bestanden er på veg nedover, medan vi kanskje fisker for lite når han er på veg opp. Dette er eit område vi bør skaffe oss meir kunnskap om, avsluttar han.