Hopp til hovedteksten
Aspaker spiser reker
Reker på kaikanten er typisk Sørlandssommar. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og seniorforskar Odd Aksel Bergstad nytte måltidet.
Utskriftsvennlig versjon

Reker på menyen i Flødevigen

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker fekk servert reker frå Skagerrak på kaia i Flødevigen tirsdag. –Eg meiner wwf sitt råd om å ikkje ete reker frå Skagerrak og Nordsjøen må byggje på ei misforståing, sa ho til pressa, og la til at ho sjølv er veldig glad i reker. 

Seniorforskar Odd Aksel Bergstad baud ministeren på denne smaken av Sørlandssommar med godt samvit. – Rekebestanden i Skagerrak og Nordsjøen er sunn og vi ser god tilgang på småreker som vi vil kunne fiske på frå hausten av, seier Bergstad og understreker at rekefiskeriet i desse områda er berekraftig.

Aspaker utenfor HI Arendal

Jan Atle Knudsen tek over som leiar for Havforskingsinstituttet sitt Kystprogram frå 1. august. Han orienterte fiskeriministeren om arbeidet instituttet gjer i kystsona.

I tillegg til reker serverte Bergstad ein gjennomgang av korleis rekefiskeriet vert gjennomført i Skagerrak. Han gjekk gjennom reguleringstiltaka og all kunnskap som er tilgjengeleg om bifangst av andre artar. –Nye genetiske analysar vi har gjort her i Flødevigen viser at den torsken som vert teken som bifangst i rekefiskeriet, er frå Nordsjøen. Det er difor ingen grunn til å sei at rekefiskeria skulle ha nokon sterk innverknad på bestandane av kysttorsk langs Sørlandskysten, understreka Bergstad.

Fiskeriminister Aspaker besøkte forskingsstasjonen i Flødevigen for å få vita meir om kva denne tradisjonsrike stasjonen arbeider med. Aktiv forvalting, hummar og samarbeid med Universitetet på Agder om å skaffe meir kunnskap om korleis kyst og hav gjensidig påverkar kvarandre, sto også på dagsorden. Ministeren hadde med nyhendet om hennar departement no har sagt ja til å etablere bevaringsområde for hummar ved Lindesnes.

For å gjere dagen komplett vart ho servert heimelaga fiskesuppe og stillehavsøsters, i tillegg til rekene. Og på spørsmål frå pressa understreka ho at me må satse meir på forsking for å vere trygge på at me forvaltar naturen berekraftig. 

Aspaker og Terje Bodvin

Anders Jelmert hadde laga fiskesuppe med råvarer frå strandsona og Torjan Bodvin baud på stillehavsøsters i fleire variantar. Aspaker fekk kortreist sjømat til lunsj.

Fakta om reke i Nordsjøen og Skagerrak

Latinsk navn: Pandalus borealis
Familie: Pandalidae
Maks lengde: 18 cm
Levetid: Tre år på Fladengrunn, fem-seks år i Norskerenna
Leve- og gyteområde: Nord-Atlanteren
Gytetidspunkt: Oktober/november i Skagerrak/Norskerenna
Føde: Plankton, små bunndyr, døde plante- og dyrerester
Særtrekk: Reken starter livet som hann og skifter kjønn til hunn etter å ha gytt som hann i én til to sesonger

Reke i Nordsjøen og Skagerrak

Kontaktpersoner