Hopp til hovedteksten
Laks
Utskriftsvennlig versjon

Avslørte kva oppdrettsanlegg rømt fisk kom frå

I fjor dukka det opp store mengder rømt oppdrettslaks i Ryfylke. DNA-analysar utført ved Havforskingsinstituttet viser kva oppdrettsanlegg det er sannsynleg at denne fisken kom frå.

DNA-beredskapsmetoden er utvikla ved Havforskingsinstituttet og har tidlegare vore nytta i ei rekkje saker der Fiskeridirektoratet har leita etter opphavet til rømt laks, og i dei fleste sakene gir metoden klare svar. Ein stor fordel med metoden er at den ikkje krev kostbare databasar eller biobankar med informasjon om kva oppdrettslaks som til ei kvar tid står i oppdrettsanlegga langs kysten. Metoden  tar utgangspunkt i kvar einskild rømingsepisode og samanliknar DNA-profil hos den rømte laksen med DNA-profilar hos oppdrettsanlegga som ligg i nærområdet til rømlingane. Metoden er kvalitetssikra gjennom internasjonal publisering, og har  vore nytta i fleire saker. Dette er likevel den største saka der ein har klart å spore rømlingane tilbake til eit bestemt anlegg, og slik sett er dette ein ny dokumentasjon på styrken ved metoden.

- Det var mykje rømt fisk i fleire elvar i Ryfylke, og ved hjelp av frivillig innsats frå sportsfiskarar, vart det samla inn eit omfattande materiale, seier Øystein Skaala som er ein av forskarane bak DNA-beredskapsmetoden.

Det vart etter kvart også teke prøvar frå 17 merdar i 10 anlegg i området, desse vart analyserte og DNA’et vart samanlikna med DNA’et frå den innfanga fisken. I alt vart det analysert over 1000 individ.

- Resultata viser at den store pulsen av rømlingar med svært stor sannsynlegheit har opphav i eitt identifisert anlegg. Samstundes kan det ha vore ei mindre røming frå eit anna identifisert anlegg. I dei andre anlegga har laksen DNA-profilar som ikkje liknar rømlingane, og desse kunne difor utelukkast, seier Skaala.

Det er Fiskeridirektoratet som er ansvarleg for å starte undersøkingar når det er mistanke om rømt fisk, og som eventuelt melder saka til politiet. Denne saka er framleis under etterforsking.

Fakta om rømt fisk og genetisk påvirkning

Reproduktiv isolering av oppdrettsfisk er en samlebetegnelse for alle tiltak som kan settes inn for å hindre at oppdrettsfisk sprer genene sine i naturen og har negativ effekt på ville bestander. Hvilke tiltak som er mulig å sette inn, varierer fra art til art. Vi arbeider med steril fisk, populasjoner med kun ett kjønn samt lysstyring med fokus på om vi kan finne metoder som er akseptable ut fra fiskevelferd.

Rømt fisk og genetisk påvirkning

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
476 27 878
Beate Hoddevik
908 21 630