Hopp til hovedteksten
Sildefangst i traal1
Utskriftsvennlig versjon

Sildekvoten gjenspeglar sildebestanden

Spesielt i gyteperioden står silda tett i tett på eit avgrensa område. Det kan gje eit inntrykk av at havet kokar av sild, men realiteten er at sildebestanden er kraftig redusert dei siste åra. Den generelle nedgangen saman med føre-var-mekanismane i haustingsregimet, får følgjer for sildekvotane.  

Sildekvotane er kraftig reduserte dei siste åra. I 2014 er det anbefalt ein kvote på 419 000 tonn, som er vel 200 000 tonn lågare enn 2013-rådet. Noreg har ca. 60 prosent av totalkvoten.

Haustingsregel bestemmer kvoten

Det er ein haustingsregel, bestemt av politikarane, som avgjer kor stor kvoten vert frå år til år. Silda har ikkje produsert ein god årsklasse på ti år, og når silda etter kvart døyr; anten naturleg eller av di ho vert fiska, minkar logisk nok bestanden. Haustingsregelen seier at sildebestanden ikkje skal under 2,5 millionar tonn. For å unngå det vert fiskepresset redusert når bestanden kjem under 5 millionar tonn. 

– I tillegg til nedgangen som følgjer direkte av ein liten bestand, bidreg haustingsregelen ytterligare til reduksjonen i kvoterådet for 2014, forklarar Erling Kåre Stenevik, som er bestandsansvarleg for sild på Havforskingsinstituttet.   

Nokre dagsmarsjar med sild

Totalt reknar forskarane med at gytebestanden er på nett over fire millionar tonn. Sjølv om det er lite – samanlikna med gullåra 2006 og 2007 då bestanden var nesten dobbelt så stor – er det relativt sett snakk om mykje fisk, forklarar Stenevik. Ein slik stim vil, dersom den er 20 meter djup og 1000 meter brei, strekkja seg 615 km. Det tilsvarar om lag avstanden mellom Røst i Lofoten og gytefelta på Mørekysten. Så i teorien kan ein gå tørrskodd eit par døger på dagens sildebestand.

–  Silda er ein stimfisk som – spesielt i gyteperioden – klumpar seg saman i store mengder på eit avgrensa areal. Slik blir ho svært lett tilgjengelig for fiske, og det kan fort skapa eit inntrykk av at det er langt meir sild i havet enn det faktisk er. Denne sildeåtferda er kalla ”hyperstabilitet”, og vi såg akkurat det same under sildekollapsen på 1960-talet då det nærmast vart fiska tomt for sild. Dette viser at silda er lett tilgjengeleg for fiske sjølv når bestanden er minkande, fortel Stenevik.

Treng påfyll av gode årsklassar

No ventar forskarane på ein ny superårsklasse som kan bidra positivt til bestanden. Fjorårets sildekull ser lovande ut, men det vil ta fire til fem år før desse eittåringane eventuelt byrjar å markera seg, og kvotane kan setjast opp. Mai-toktet vil visa om 2013-årgangen er så god som han teikna på fjorårets økosystemtokt, der 0-gruppene (årets kull) av sild og annan fisk vart målte. Det er også noko sild av 2009-årsklassen, men denne er ikkje stor nok til å endra biletet av ein minkande bestand.

– Mai-toktet, der fem fartøy deltar, er vårt viktigaste tokt, og det gjev også den beste dekninga av sildebestanden. Det er alltid uvisse knytt til berekningane av gytebestanden. Men det er viktig å hugsa på at denne uvissa like gjerne kan føra til at vi overvurderer bestanden som at vi undervurderer den, seier Stenevik. 
 

  

 

 

Kvoterådet for 2014

Kontaktpersoner