Hopp til hovedteksten
Fiskefella i Etne
Konseptet bak fiskefella byggjer på eit flyterist-system forankra i elvebotnen i den eine enden, og skråstilt med straumretninga. Ristene er påmontert ein ”flaps” og fungerer som ei flyvenge. Jo raskare vasstraum, jo meir løft. Til høgre på bildet ser ein fangstkammeret.
Foto: Øystein Skaala
Utskriftsvennlig versjon

Oppdrettslaksen gjekk i fella

Heile 92 % av oppdrettslaksen vart stoppa i laksefella som vart testa ut i Etneelva i fjor. Samstundes som oppdrettslaksen vart stoppa, fekk forskarane unike datasett over mengde, storleik, kjønnsmodning og alder på all fisk som vart undersøkt.

- Resultatet viser at slike feller kan vere eit godt virkemiddel for å få ned mengda oppdrettslaks på villaksen sine gyteplassar, fortel Øystein Skaala som er prosjektleiar og forskar ved Havforskingsinstituttet.

Når oppdrettsfisk kjem fram til gyteplassane i elvane, gyt den saman med villfisken. Dermed vert ein stor del av yngelen i elva blanding av oppdretts- og villfisk. I tillegg til at det påverkar arvematerialet (genane) til villfiskbestanden i elva, har også dette avkomet lågare overleving enn villfisken.

- Etnevassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag, noko som betyr at villaksen skal ha særskilt vern. I tillegg er den kanskje det største laksevassdraget på Vestlandet. Undersøkingar viser at 20 % av arvematerialet hos laksen i Etneelva kjem frå oppdrettslaks, seier Skaala.

Får unikt datasett

- Føremålet med prosjektet der vi testar fella, er sjølvsagt å sjå om den kan hindre oppdrettslaksen i å symje opp elva, men vi får og nøyaktige data på kor mykje av fisken som er villaks. I tillegg får vi detaljerte data på mengde, storleik, aldersfordeling og kjønnsmodning på rømt laks, vill laks og sjøaure, fortel Skaala.

Slike data er heilt nødvendige for å kunne forvalte bestandane av villaks på ein god måte.

- Sidan vi no kan registrere om lag kvar einaste fisk som sym opp elva, blir Etne eit viktig nasjonalt referansevassdrag. Opplysningane kan vi til dømes bruke til å sjå på kor sto del av laksen som overlever i sjøen, tilvekst, alder og sjølvsagt kor mykje fisk som er i bestanden, seier Skaala.

Sannsynlegvis kan fangstteknologien som vert testa i Etnevassdraget vere til nytte i mange andre vassdrag av middels storleik.

Liten villfisk

Fella var i drift frå 12. april til 24. november i fjor, men hadde i nokre periodar redusert effektivitet.

- Det fins knapt andre vassdrag med så store bestandar av laks og sjøaure der ein i prinsippet kan registrera og analysera kvart einaste individ. Ved hjelp av ytre kjenneteikn, registrerte vi totalt 1154 oppvandrande villaks, 922 sjøaurar og 78 oppdrettslaks, fortel Skaala.

Hos villaksen varierte storleiken frå 0,5 til 12,7 kg. Fisken som berre hadde vore ein vinter i sjø var i snitt 1,6 kg med kondisjonsfaktor  på 0,90. Fisken som hadde vore to år i sjø hadde snittvekt på 3,6 kg og kondisjon på 0,95, medan laksen som hadde vore tre år i sjø i snitt var 6,3 kg med kondisjon på 1,0. Kondisjonsfaktor er forholdet mellom vekt og lengde, det er vanleg at den er på rundt 1,0. Er den lågare betyr det at fisken er tynn.


Sjå video.

Sein oppdrettslaks

- Oppdrettslaksen kom opp i elva noko seinare enn villaksen, vi fekk dermed stadfesta tidlegare registreringar som er noko ufullstendige. Storleiken på den rømte laksen varierte mykje, frå ca. 40 til 104 cm, noko som tyder på at dei har opphav i ulike rømingsepisodar, fortel Skaala.

Det vart tatt skjelprøver frå all fisken som vart undersøkt, og i ettertid viste det seg at sorteringa på fella var vellukka.

- Sorteringa på fella viste seg å samsvare svært godt med resultata frå skjelanalysane, då berre 10 oppdrettslaksar var feilsortert som villaks og tilsvarande var under 1 % av villaksen feilsortert som oppdrettslaks. Sidan 2013 var første prøveår, og eit stort team var under opplæring, er vi godt nøgde med dette, seier Skaala.

Laksen gjekk i fella

Fangsteffektiviteten vart målt med to ulike metodar for å undersøke kor effektiv fella var.

- All fisk som vart handtert på fella blei påført eit lite, men synleg  kutt  ytst på fettfinna, slik at vi kunne kjenne denne igjen lenger oppe i elva. Målet var å sjå kor mange umerkte fiskar vi fann for dermed å kunne vurdere kor effektiv fella var. Foreløpige registreringar frå sportsfiskarar viste at av 133 tilbakemeldingar, var 88 % merka, seier Skaala.

Sidan det også vart gjennomført gytefiskteljing seinare på hausten i samarbeid med Uni-Miljø, gav også dette forskarane høve til å  registrera ”merka” og ”umerka” fisk.  Resultata viser godt samsvar mellom dei to ”kontrollane”, og i tillegg var det nært samsvar mellom talet på registrerte laks i fella og gytefiskteljingane.

- Gytefiskteljinga i 2013 registrerte kun sju rømlingar ovanfor fella. Også på dette punktet må vi vera godt nøgde, då fella har sortert ut 78 av 85 (92 %) rømlingar basert på ytre kjenneteikn. I tillegg til desse viste skjelanalysane at rundt 10 oppdrettslaksar som morfologisk likna villaks, vart sendt opp i elva, seier Skaala.

Om fella

Fella som er brukt i Etneelva heiter Resistance Board Weir. Den blei installert i Etnevassdraget i fjor, med midlar frå havbruksnæringa, i samarbeid og med støtte frå forvaltning og det lokale elveeigarlaget. Havforskingsinstituttet har hatt ansvar for å teste den.

Fella blir brukt til overvaking og fangst av gytefisk i vassdrag. Den blei utvikla i USA for 25 år sidan, og vårt forsøk er fyrste gongen den er testa utanfor Nord-Amerika. Fella er produsert av Cramer Fish Science, og er eit flyttbart system basert på flyterister som vert plassert ut i elva.

Fakta om oppdrett

Havforskningsinstituttet gir forvaltningsstøtte og kunnskapsbaserte råd til statsforvaltningen, i første rekke Nærings- og fiskeridepartementet og underliggende etater som Fiskeridirektoratet og Mattilsynet. Bak rådene ligger et omfattende arbeid med forskning og overvåking innen ulike
områder som miljøeffekter, smittespredning og dyrevelferd.

Oppdrett

Fakta om rømt fisk og genetisk påvirkning

Reproduktiv isolering av oppdrettsfisk er en samlebetegnelse for alle tiltak som kan settes inn for å hindre at oppdrettsfisk sprer genene sine i naturen og har negativ effekt på ville bestander. Hvilke tiltak som er mulig å sette inn, varierer fra art til art. Vi arbeider med steril fisk, populasjoner med kun ett kjønn samt lysstyring med fokus på om vi kan finne metoder som er akseptable ut fra fiskevelferd.

Rømt fisk og genetisk påvirkning

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
476 27 878
Beate Hoddevik
908 21 630