Hopp til hovedteksten
Nordsjøen
Ein bør ikkje tillata auka operasjonelle utsllepp av oljehaldig avfall, heiter det i høyringssvaret frå Havforskingsinstituttet. Biletet er frå Nordsjøen.   
Foto: Jon S. Rønning
Utskriftsvennlig versjon

Bør ikkje tillata utslepp av oljebasert kaks

I samband med oljeboring vest i Nordsjøen har Total E&P Norge AS søkt om løyve til å sleppa ut oljebasert kaks i sjø. Slikt utslepp er forbode i norske farvatn, og Havforskingsinstituttet anbefaler Miljødirektoratet å avslå søknaden. 

Bjørn Einar Grøsvik, som er forskar på Havforskingsinstituttet, opplyser at sjølv i reinsa tilstand vil kaksen innehalda høge nivå av olje. Det er estimert eit totalutsleppet av olje på ca. 19 tonn frå aktiviteten på Martin Linge-feltet. 
 

Bør unngå utslepp av oljeavfall

Oljebasert kaks er eit restprodukt frå boring; knust stein iblanda borevæske. Kaksen inneheld olje som kan påverka fisk og andre marine organismar negativt, og i 1993 vart det forbode å sleppa ut oljebasert kaks på norsk sokkel. Forbodet kom etter at det var påvist redusert biologisk mangfald på havbotnen rundt olje- og gassinstallasjonar. 

– Etter forbodet betra situasjonen seg gradvis. Men sjølv i dag finn vi villfanga fisk med skader som stammar frå utslepp frå olje- og gassverksemd. Det kan ikkje utelukkast at skadene kjem av miljøgifter frå borevæske som var sleppt ut før 1993. Derfor meiner vi at det ikkje bør opnast for auka utslepp av slikt oljehaldig avfall, seier Grøsvik. 

Etter planen skal selskapet Total E&P Norge AS bora sju brønnar på Martin Linge-feltet sommaren 2014. Feltet ligg nær delelina mot britisk sektor; om lag 42 kilometer vest for Oseberg. I Storbritannia er det lov å sleppa ut oljebasert borekaks i sjø. I uttalen frå Havforskingsinstituttet heiter det at Noreg og Storbritannia bør arbeida for felles reglar for utslepp frå olje- og gassverksemda.