Hopp til hovedteksten
Kongekrabbe i kar
Havforskingsinstituttet tilrår at kongekrabbekvoten for kvoteåret 2015/16 ikkje blir større enn 1250 tonn.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Tilrår kongekrabbekvote på 1250 tonn

Havforskingsinstituttet tilrår at kongekrabbekvoten ikkje blir større enn 1250 tonn hannkrabber i kvoteåret 2015/16. Kvoten for 2014/15 er på 1000 tonn.

– Nærings- og fiskeridepartementet har definert to målsettingar for kongekrabbeforvaltninga. Innanfor det kvoteregulerte området skal det vere eit langsiktig kommersielt fiskeri. Dette området strekker seg frå Nordkapp og til grensa mot Russland. Samtidig skal bestanden vest for Nordkapp haldast på eit minimum. Difor er det også fritt fiske i dette området, seier havforskar Jan H. Sundet ved Havforskingsinstituttet.

Balanse

Sundet seier målsettingane for det kvoteregulerte området må balanserast med måla som er sett for området vest for Nordkapp.
– Vi veit at ein liten bestand i det kvoteregulerte området reduserer risikoen for at kongekrabben skal spreie seg vestover. Samstundes må vi sikre at bestanden aust for Nordkapp er så stor at den sikrar eit økonomisk utkomme for både krabbefiskarar, kjøparar og eksportørar. Vi meiner kvoten vi har tilrådd vil ta vare på denne balansen, seier Sundet. Havforskarane meiner at minstemålet på 130 millimeters ryggskjoldlengde må oppretthaldast.

Auke

Sundet seier at biomassen av fangstbare hannkrabber har auka dei tre siste åra, og at det er ein av grunnane til at Havforskinga meiner kvoten kan aukes frå i år til neste år.
– Samstundes viser tokta våre at det er få hokrabber over 130 millimeter. Difor har vi heller ikkje gitt noko råd for fiske av hokrabber i det kommande kvoteåret, seier han.

Redusert spreiing

Sundet fortel også at spreiinga av kongekrabbe vest for det kvoteregulerte området ser ut til å vere kraftig redusert sidan 2010.
– Det frie fisket og desimeringsfisket vest for Nordkapp ser dermed ut til å ha effekt. I år registrerte vi litt meir krabbe lokalt på yttersida av Sørøya. Det inneber at vi i åra som kjem må følgje nøye med i dette området når vi skal kartlegge spreiinga vestover, avsluttar han.

Fakta om kongekrabbe

Latinsk navn: Paralithdodes camtschaticus
Utbredelse: Langs kystområdene og til havs i det sørlige Barentshavet, på dyp fra ca. 5-400 m, avhengig av årstid
Størrelse: Blir sjelden 8 kg, skjoldlengde på 2-23 cm i norske farvann
Føde: Bunndyr og planter. Børstemark og små muslinger står øverst på listen over byttedyr.

Kongekrabbe

Kontaktpersoner

Jan H Sundet
913 66 033