Hopp til hovedteksten
Gjennomsnittleg straumfart
Den gjennomsnittlege farten på straumen (meter per sekund) på 50 meters djup i Repparfjorden. Figuren byggjer på dei numeriske straummodellresultata og gjeld for perioden mars–august 2013. 
Utskriftsvennlig versjon

Meir sirkulasjon i Repparfjorden enn tidlegare antatt

Ein straummodell som Havforskingsinstituttet har køyrt for Repparfjorden viser større sirkulasjon enn det som kjem fram i gruveselskapet Nussir sine undersøkingar. Langvarige straumepisodar er viktigare enn tidevatnet for transporten av vatn ut av fjorden.

Havforskingsinstituttet overvaker spreiinga av lakselus i Altafjord-området. I den samanheng er det etablert ein straummodell som også inkluderer Repparfjorden. Modellen viser større sirkulasjon enn dei modellane Nussir legg til grunn for korleis fine gruvepartiklar spreier seg i fjordsystemet.

Har ignorert straumepisodar

– Tidlegare undersøkingar i Repparfjorden har berre sett på tidevatnet og ignorert straumepisodane som varer nokre dagar. Sjølv om desse episodane har halv fart samanlikna med tidevatnet, så varer dei mykje lenger. Det betyr at dei står for langt meir effektiv vassutskifting enn tidevatnet. I neste omgang medfører denne transporten større spreiing av partiklar og andre finmala komponentar, forklarar Lars Asplin. Han er forskar på Havforskingsinstituttet og har hatt hovudansvaret for straummodelleringa i Repparfjorden (se notat).     

Alle krefter må inkluderast

– Resultata våre viser kor viktig det er å inkludera alle relevante drivkrefter når vi skal gjenskapa realistisk straum i fjordane. Dersom vi berre presenterer oppstillingar av straumfart, er det vanskeleg å identifisera dei ulike epsiodane med innstrømming og utstrømming. Også framstillinga av den gjennomsnittlege straumen for ein månad kan vera med på å skjula viktige episodar som varer nokre dagar, seier Lars Asplin.     




 

Fakta om gruveavfall

Norge er et av få land i verden som fortsatt tillater dumping av gruveavfall i sjøen. Dumping av millioner av tonn med sand og finmasser fører til utradering av økosystemet ved bunnen i det umiddelbare nærområdet. Finpartiklet avfall kan spres med strømmen og påvirke et mye større område. Noen av kjemikaliene som slippes ut med gruveavfallet er til dels svært giftige. Kjemikaliene brukes både i utvinningsprosessen og i et forsøk på å binde mest mulig av finpartiklene slik at spredningen i fjorden begrenses. I tillegg kan fjordsystemene belastes med tungmetaller som finnes i det oppmalte berget som går ut i sjøen. Erfaringer viser at det er vanskelig å begrense området som påvirkes av gruvedumping. Dette forhindrer ikke at stadig flere gruver kysten rundt søker om å få bruke fjordene som avfallsplass. 
 

Gruve- og gruveavfall

Kontaktpersoner

Lars Asplin
994 04 871
Jan Erik Stiansen
952 93 712
Marie Hauge
975 68 384