Hopp til hovedteksten
Glupsk_nett.jpg
Den siste månaden har det stått store menger knølkval utanfor Tromsø. Knølkvalen har følgt silda inn til kysten av Troms.
Foto: Elvar H. Hallfredsson
Utskriftsvennlig versjon

Med sild som drivstoff

Tromsø er i ferd med å få bykval. No står knølkvalen så nært Tromsøya at dei som bur nord på øya kan sjå han frå kjøkkenvindauget. Der feitar kvalen seg opp på sild. Seinare går ferda til Karibia.

– Det er silda som har lokka knølkvalen til Tromsø og øyane utanfor. No skal den beite ei stund for å ha drivstoff til den lange turen til Karibia. Der skal den pare seg før den igjen set nasen nordover mot Barentshavet, seier kvalforskar Nils Øien.

Den siste månaden har det vore mogleg for tromsøværingar og tilreisande å sjå knølkvalane som går nesten heilt inntil land. Det er i Kaldfjorden på Kvaløya at det lettast å få auge på  kvalane, og til tider har det vore svært mange som har ønska å ta dei store dyra i nærmare augesyn. Det har ført til køkøyring på elles stille landevegar, og politiet har rykka ut for å rydde opp i parkeringskaoset som har oppstått når kvaltittarane har sett frå seg køyretøya sine. Ute på sjøen har både kajakkpadlarar og folk i store og små båtar komme svært nært innpå knølkvalane. I tillegg har reiselivsnæringa tent pengar på å arrangere turar for kvaltittarane. 

 

 

Langpendlar

Knølkvalen som held til utanfor Tromsø i desse dagar er langpendlar. I løpet av året svømmer den mellom Barentshavet og Karibia. I Barentshavet finn kvalen mat i den lyse årstida, medan den parer seg og kalvar i Karibia. Då har den svømt 8000 kilometer for å finne seg make, ein make som kanskje har svømt den same vegen.

– Vi reknar med at det finst ein stad mellom 1000 og 1500 dyr i knølkvalbestanden som beiter i Barentshavet og langs norskekysten. Knøkvalen er ein art som finst i alle hav på jorda, men genetiske prøver viser at det er ulike bestandar i dei ulike havområda. Kvar bestand har sine eigne beite- og kalvingsområde, seier Øien.

 

Troenderbas_i_Kaldfjorden1_nett.jpg

Silda har også lokka mange fiskefartøy til Kaldfjorden på Kvaløya.

Foto: Gunnar Sætra

 

Flytter på seg

Forskingsgruppeleiar Aril Slotte kan ikkje love at tromsøværingane skal få oppleve liknande kvaleventyr i all framtid.

– Silda gyt ved kysten og beiter ute i havet. Dei siste åra har den overvintra utanfor Troms, men desse overvintringane endrar seg stadig. Frå slutten av 80-talet og fram til 2005 stod silda i Tysfjorden, Ofotfjorden og Vestfjorden om vinteren. Deretter overvintra den ute i åpent hav vest av Troms, før den altså i seinare år har hatt ein aukande tendens til å bruke kysten av Troms som overvintringsområde. Vi må nok rekne med at silda – og dermed kvalane – etter kvart kjem til å endre vandringsmønster, og då er det andre delar av kysten som kan få oppleve dette eventyret. Eller det kan hende at silda og kvalane let vere å komme heilt inn til kysten for ein periode, seier Slotte.

 

Troenderbas_i_Kaldfjorden_nett.jpg

Ringnotbåten "Trønderbas" er eitt av fartøya som har tatt gode fangster utanfor Tromsø.

Foto: Gunnar Sætra

 

Ikkje første gong

Det er ikkje første gong at områda utanfor Tromsø har hatt kval på vitjing. Professor emeritus Håvard Dahl Bratrein seier til Nordlys at det er ein openberr samanheng mellom kvalar og namna ”Kvaløya”, ”Kvalsund” og ”Nord-Kvaløy”. Bratrein er tidlegare konservator ved Tromsø museum og kjenner historia i Tromsø-området svært godt. Han fortel også at den største øya i Tromsø kommune var kjent som ”Kvaløya” allereie i mellomalderen, mellom anna er den omtalt av erkebiskopen i Nidaros i eit dokument frå 1432.