Hopp til hovedteksten
Lofoten
Havforskningsinstituttet gjennomførte modellsimuleringar for utslepp av 4500 m3 råolje saman med SINTEF. Simuleringa går over 30 dagar på tre stader langs norskekysten: Haltenbanken, sør for Lofoten og like nord for Vesterålen.
Foto: Kathrine Michalsen
Utskriftsvennlig versjon

Dispergeringsmiddel er ikkje nødvendigvis negativt for overlevinga til fiskeegg og fiskelarvar

Modelleringsstudiar tyder på at bruk av dispergeringsmiddel etter oljeutslepp ikkje gir dramatiske utslag for fiskeegg og fiskelarvar. 

Det kjem fram i ein ny rapport som Havforskingsinstituttet har laga på oppdrag frå Kystverket og i samarbeid med SINTEF. Forskarane har gått igjennom det som finst av kunnskap om bekjemping av akutte oljeutslepp med dispergeringsmiddel.

Med og utan dispergeringsmiddel

Dispergeringsmiddel (av dispergere: finfordele eller løyse opp) blir brukte for å auke farten på den naturlege nedbrytinga av olje på sjøen. Kjemikaliane fungerer ganske likt som vanlig oppvaskmiddel; dei bryt ned olja til små oljedråpar som blir blanda nedover i vassmassane.

– Vi har samanlikna ulike modellkøyringar av korleis oljeforureininga artar seg i eit område med fiskeegg og fiskelarvar, og vurdert kva som vil skje med og utan bruk av dispergeringsmiddel, forklarar Frode Vikebø. Han er seniorforskar på Havforskingsinstituttet og  har stått for modellkøyringane i studien.

Ikkje nødvendigvis dramatisk

Dispergeringsmiddel er sett på som eit nyttig tiltak når det er stor risiko for at oljeflaka skal skade fugl og treffe land. I område med fiskeegg og fiskelarvar har ein tradisjonelt vore meir skeptisk til middelet. Det skuldast at det er usikkert korleis dei store mengdene oppløyste PAH (polysykliske aromatiske hydrokarbonar; kjemikaliar som finst naturlig i råolje) frå olja vil påverke sårbare fiskeegg og fiskelarvar i vassøyla.

– Vi ser at bruk av dispergeringsmiddel ikkje nødvendigvis fører til dramatisk endring i overlevinga av fiskeegg og fiskelarvar. Dette er nye resultat som bør vere med når ein skal velje strategi ved oljeutslepp, seier Frode Vikebø.

Ingen utslepp er like

Modellsimuleringa er berre gjort for nordaustarktisk torsk og på tre stader langs norskekysten. Frode Vikebø understrekar at det er mange ulike faktorar som spelar inn ved eit oljeutslepp. 

– Oljetype, tid og stad for utsleppet, vêrforhold, influensområde og kva biologiske ressursar som er trua og korleis dei er fordelte på ulukkestidspunktet vil variere. Difor er det behov for å køyre desse simuleringane med fleire fiskeartar som til dømes sild og i meir kystnære område. Vi bør også gjere eksperimentelle studiar for å få betre kunnskap om tålegrensa for oljeeksponering hos fleire artar.