Hopp til hovedteksten
Katja Enberg
Foto: Kari Østervold Toft
Utskriftsvennlig versjon

Norskehavet – eit økosystem i endring

Bestandane av dyreplankton, fisk, sjøpattedyr og sjøfuglar i Norskehavet er i endring.

Det kom fram under foredraget som Katja Enberg heldt på dagens pressefrukost under Nor-Fishing i Trondheim. Enberg er forskar og programleiar for forskings- og rådgjevingsprogram Norskehavet ved Havforskingsinstituttet.

I foredraget konkluderte ho med følgjande:

  • Mengda dyreplankton har auka etter fleire års nedgang.
  • Bestanden av makrell har spreidd seg kraftig dei siste åra.
  • Storleiken på sildebestanden er avhengig av ei ny sterk årsklasse – den siste var i 2004. No kjem bestanden til å minke sakte, inntil vi får ei ny sterk årsklasse. Det er funne teikn på at fjorårets årsklasse kanskje kan bli noko betre enn dei siste åra.
  • Det er store mengder mesopelagisk fisk i havet. Den lever på djupner frå 200 til 1000 meter, og kan bli ein ressurs i framtida.
  • Varmare klima har påverka bestandane av sel.
  • Sjøfuglbestandane slit, men ein kan ikkje seie sikkert kva årsaka er.

Pressefrukosten på Rica Nidelven vart arrangert av Nofima, Nifes og Havforskingsinstituttet. Ingvild Eide Graff frå Nifes heldt foredraget ”Er feit fisk farligere enn annen mat?” og Bjørn Roth frå Nofima hadde foredraget ”Direkte prosessering av fisk og muligheter for norsk næring”.
 

Fakta om Norskehavet

Ett av De nordiske hav, som også omfatter Grønlandshavet og Islandshavet
Størrelse: Mer enn 1,1 millioner km2
Dyp: Gjennomsnittlig 1600 m. To dyphavsbasseng med dybder på mellom 3000 og 4000 m
Næringskjede: Enkel, men med  høy produksjon
Viktige fiskerier: Makrell og norsk vårgytende sild

Spesielle forhold:

  • Mottar ca. 8 millioner tonn varmt og salt vann i sekundet fra Atlanterhavet - 8 ganger summen av alle elver i verden. Det innstrømmende vannet avgir varme til atmosfæren - avgjørende for det milde klimaet i Nord-Europa 
  • De store dybdeforskjellene gir en variert bunnfauna som blant annet omfatter store korallrev                
Norskehavet

Les meir

Kontaktpersoner

Katja Enberg
410 06 368
Beate Hoddevik
908 21 630