Hopp til hovedteksten
Helmer_Hanssen.jpg
I dag startar forskingsfartøyet "Helmer Hanssen" frå Longyearbyen for å utforske livet i havet i Arktis.
Foto: (Foto: Rudi Caeyers, UiT Norges arktiske universitet)
Utskriftsvennlig versjon

Mykje is kan hindre havforskarar

Havforskar Randi Ingvaldsen leier eit stort prosjekt som skal finne ut kva som skjer når isen i Arktis trekker seg tilbake. Ironisk nok kan det første toktet bli hindra av mykje is.

– Det har lege eit lågtrykk over Polhavet den siste tida, og dermed har det blitt lågare temperaturar og vind som har ført mykje is inn i toktområdet. Det set grenser for undersøkingane våre. Det var faktisk mindre is i desse farvatna i februar og mars enn det er no, seier Ingvaldsen.

Strategisk initiativ

Toktet som startar i dag er det første i eit såkalla strategisk initiativ for Arktis. Ein del av området som skal kartleggjast har ikkje vore undersøkt tidlegare, medan andre delar ikkje har vore kartlagt i same omfang som Havforskinga legg opp til denne gongen.
– Vi skal bruke den same metodikken som under økosystemtokta våre og kartlegge alt frå planteplankton til kvalar og fuglar. Då bruker vi ei lang rekke reiskapar for ta prøver, det vere seg planktonhåv eller trål, vi gjennomfører akustiske målingar med ekkolodd og sonar, og vi senker eit avansert instrument i vatnet for å måle temperatur og saltholdighet. I tillegg tar vi prøver for å analysere næringssalt og planteplankton, og vi tar prøver av organismane som lever på botnen, fortel Ingvaldsen.
Ho legg til at den tidlegare forskinga i området i stor grad har vore avgrensa til fysiske og kjemiske undersøkingar og planktonforsking.
– Denne gongen skal vi i tillegg vi tråle på fleire djup. Mellom anna skal vi tråle i djuphavet nord for kontinentalskråninga, og vi skal gjennomføre grundigare undersøkingar på Jermakplatået enn det som er gjort tidlegare. I tillegg skal vi ta prøvar av havbotnen for å finne ut kva som lever på og i den, fortel Ingvaldsen.

Toktkart_190814_JPG_T-beskjaert.jpg

Havforskarane skal gjennomføre årets tokt i området som ligg innafor den markerte firkanten nord for Svalbard. (Kart: NMD/Havforskingsinstituttet)

Tre tokt

I samband med prosjektet ”Strategisk initiativ Arktis” skal det til saman gjennomførast tre store forskingstokt i åra 2014 – 2016.
– Eg meiner dette er eit svært spennande prosjekt som kan gje oss mange svar. I første omgang får vi vite korleis tilstanden i havet er per i dag, og i neste omgang kan vi sjå korleis livet i havet og det fysiske miljøet eventuelt kjem til å endre seg som følgje av klimaendringane, seier Ingvaldsen.
Forskarane frå Havforskingsinstituttet får også med seg kollegaer frå det russiske havforskingsinstituttet Pinro i Murmansk, det amerikanske havforskingsinstituttet Woods Hole i Massachusetts og Universitetet i Bergen.

Kontaktpersoner

Randi Ingvaldsen
951 29 885
Gunnar Sætra
916 11 414