Hopp til hovedteksten
Effektive utslippsløsninger
Korleis ein kan styre fangstmengda i not og trål er eit av mange spanande tema du kan høyre meir om på Nor-Fishing.
Utskriftsvennlig versjon

Møt havforskarane på Nor-Fishing!

Klokka 1000 tysdag 19. august opnar Dronning Sonja Nor-Fishing 2014 i Trondheim. Då er Havforskingsinstituttet sin stand D-324 godt bemanna med kunnskapsrike folk som ser fram til å møte, snakke med og lytte til fiskarar, forvaltarar, politikarar og andre som kjem innom.

-Vi veit at mange er opptekne av vårt arbeid. Vi vil gjerne høyre kva næringsutøvarane har av erfaringar og dele vår kunnskap med dei. Difor inviterer vi alle som vil til å møte forskarane våre, seier kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft.
Tysdag ettermiddag kl. 1530 kan du møte forskarane John Willy Valdemarsen, Aud Vold og Olafur Ingolfsson på vår stand. Dei jobbar med korleis ein kan styre fangstmengda i not og trål.
Onsdag mellom kl. 1300 og 1400 er temaet: Siste nytt frå Norskehavet – om makrell, matsituasjonen for fisk og heile økosystemet. Katja Enberg, programleiar for Norskehavet, og Leif Nøttestad, ansvarleg for makrellbestanden, snakkar om kva forskarane ser.

Torsdag mellom kl. 1400 og 1500 tar vi igjen opp temaet: Korleis styre fangstmengda i not og trål. John Willy Valdemarsen, Aud Vold og Olafur Ingolfsson jobbar med desse problemstillingane i Crisp.

I tillegg deltek ei rekkje av våre forskarar med foredrag på andre arrangement:
Tysdag er John Willy Valdemarsen og Egil Ona mellom føredraghaldarane på Forskingsrådet sitt miniseminar om fangst og fangstteknologi.

Onsdag morgon startar med pressefrukost på Rica Nidelven i samarbeid med Nofima og Nifes. Katja Enberg held Havforskinga sitt innlegg: Norskehavet – eit økosystem i endring?

Leif Nøttestad, Aud Vold, Jostein Saltskår og fleire deltek på skippermøte på Pirsenteret på formiddagen og Harald Loeng skal snakke om ressurssituasjonen i Nord-Atlanteren på marknadsseminar i regi av Nordea og Sjømatrådet.
Klokka 1200 onsdag snakkar Børge Holte om kart av havbotnen på Fiskeridirektoratet sin stand. Mari Myksvoll held foredrag på Forskingsrådet sitt miniseminar om økosystempåverknad klokka 1400.
 
Olafur Ingolfsson snakkar om fangstavgrensing i trål og snurrevad på Fiskeridirektoratet sin stand torsdag kl. 1200. Kl. 1500 får Leif Nøttestad ordet der og snakkar om kva som skjer i havet, med fokus på Norskehavet.