Hopp til hovedteksten
Nepstad og Holmefjord
Administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet, Tore Nepstad og fiskeridirektør Liv Holmefjord har signerte i går ei avtale om bruk av Fiskeridirektoratet sine data til forsking.
Utskriftsvennlig versjon

Signerte avtale om overføring av data

- Denne avtala sikrar oss betre tilgang til data frå Fiskeridirektoratet. Det er viktige data for å gjere våre råd og modellar sikrare, seier administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet, Tore Nepstad. 

Han signerte i går ei avtale med Fiskeridirektoratet om tilgang både til data som er offentlege og data som er underlagt teieplikt.

-For Havforskingsinstituttet er informasjon som blir rapportert inn til Fiskeridirektoratet frå fiskarar og fiskesalslag eit viktig grunnlag for å berekne storleiken på fiskebestandane og gi økosystembaserte råd om kvotar og ulike former for beskatting, understrekar Tore Nepstad.

Når forskarane skal vurdere tilstanden til dei ulike fiskebestandane er det optimale å ha med informasjon både frå forskingstokt og fiskeri gjennom mange år. Informasjon frå fangststatistikk vert kombinert med data frå vitskaplege tokt. I denne statistikken inngår salslaga sin statistikk over landa kvantum fisk (sluttsetelstatistikk) og fiskarane sin statistikk over fangstkvantum per art og innsats målt som tråltime, tal garn, ståtid, eller tal fiskekrok (fangstdagboka).

Når denne statistikken blir sett i saman med biologiske stikkprøvar av fangsten kan ein sei noko om aldersgrupper, korleis årsklassane er sett saman, og ein kan observere endringar og kor mykje fisk som døyr. Med andre ord, fangststatistikken er eit viktig grunnlag for bestandsberekningar og kvoteråd, og feil fangststatistikk fører også til feil i bestandsberekningane.

Havforskingsinstituttet har i alle år hatt tilgang til desse data frå Fiskeridirektoratet. Den nye avtala er ei formalisering av dette, samstundes som den understrekar instituttet sitt ansvar for  ei sikker og robust handtering av sensitive data.

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602
Kjell Nedreaas
995 38 549