Hopp til hovedteksten
Hardangerfjorden
Foto: Mari Skuggedal Myksvoll
Utskriftsvennlig versjon

Normal temperatur i Hardangerfjorden

Tidlegare i år var vasstemperaturen i Hardangerfjorden godt over normalen for årstida, men i løpet av mars har den gått ned og er no tilnærma normal.

Både temperatur og saltinnhald i Hardangerfjorden vert overvaka på ei rekkje faste stasjonar. Resultata kan til dømes brukast i modellar som viser korleis strømsystema i fjorden er. I tillegg vert dei og brukte i modellar som viser korleis lakselus sprer seg.

- I februar målte vi like høg vasstemperatur som i 2012 som var den varmaste vinteren vi har hatt på lang tid, men etter det siste toktet i mars ser vi at temperaturen har falt med over ei grad. Dermed er den meir vanleg for årstida, sjølv om det likevel er varmare enn i fjor då vi hadde ein av dei kaldaste vintrane vi har registrert, seier Lars Asplin som er prosjektleiar for temperaturovervakinga.

Det er foreløpig for tidleg å seie om den forholdsvis høge temperaturen som vart registrert i januar og februar har ført til auka rekruttering av lakselus i same periode. Sjøtemperaturen er avgjerande for kor fort lusa formeirar seg. Dette er særleg følsamt når vatnet er kaldare enn 6-7o C slik det er om vinteren, for eksempel er klekketida for lakselusegg dobbelt så lang ved 3o C (34 dagar) som ved 6o C (17 dagar). Ved høge temperaturar utviklar lusa seg fortare frå egg til kjønnsmoden lus enn det ho gjer når det er kaldare, dermed er det som oftast mest luselarvar i sjøen på seinsommaren når vasstemperaturen har vore over 10o C i lang tid. Havforskingsinstituttet undersøkjer årleg kor mykje lakselus det er på vill laksefisk langs norskekysten i perioden frå mai til september, og miljøtilhøve som temperatur og straum spelar ei stadig større rolle i forståinga vår.

Temperatur Varaldsøy

Figuren vise korleis vasstemperaturen har utvikla seg over tid på fem meters djupne på snittet like aust for Varaldsøy i Hardangerfjorden. Raude sirklar viser målingane av dei varme tilhøva vinteren 2012 og i februar i år, medan den grøne viser den meir normale temperaturen som vart målt i mars. Vasstemperaturen vinteren 2013 var særleg låg og ca. 3o C lågare enn i 2012.