Hopp til hovedteksten
Odd Nakken hedra av ICES
Foto: ICES
Utskriftsvennlig versjon

Odd Nakken heidra av ICES

Havforskingsinstituttet sin tidlegare direktør, Odd Nakken, fekk måndag tildelt den prestisjetunge prisen Outstanding Achievement Award i ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Det er den høgaste prisen en forskar kan få for bidrag til arbeidet i denne sentrale organisasjonen.

Odd Nakken, som har familierøtene sine i Øygarden, vert rekna som ein nestor innafor norsk og internasjonal havforsking. Han har vore ein sterk bidragsytar i ICES sidan 1960-talet og var norsk delegat der frå 1986 til 1992.

Nakken sitt arbeid har hatt stor innverknad på utviklinga av fiskeria her til lands. Hans fokus på metodeutvikling og bestandsberekning har styrka det vitskaplege grunnlaget for fiskeriforvalting. I tillegg har han alltid vore oppteken av å dele kunnskapen sin med unge studentar og han er kjent for si sterke interesse for å følgje opp og støtte studentane sine.

–Som ein kvar stor leiar, har Nakken lukkast i å få ei rekkje forskarar i sitt kjølvatn som enten har arbeidd med han eller er påverka av hans arbeid, sa Ed Houde, leiar av priskomiteen i ICES under tildelinga. Nakken mottok prisen under opninga av ICES sin årlege vitskapskonferanse på Island. Det har vore eit privilegium for ICES å ha ein slik forskar og leiar som aktiv deltakar i organisasjonen sitt arbeid, sa Houde.

I si tid som direktør på Havforskingsinstituttet moderniserte Nakken organisasjonen og etablerte eit eige senter for akvakultur i instituttet. Det har vore strekt medverkande til at akvakultur i dag er eit av instituttet sine sentrale forskingsfelt.

Odd Nakken er framleis oppteken av å dele sin kunnskap med andre. Han har alltid delteke aktivt i formidling av forskingsresultat, og hans evne til å snakke med folk om kompliserte samanhengar er nærast unik.


 

Kontaktpersoner