Hopp til hovedteksten
Lakselus
Utskriftsvennlig versjon

Nye resultat endra lakselusa sin livssyklus

Nye resultat viser at lakselus har sju ulike larvestadium før han utviklar seg til eit vakse individ. Tidlegare har ein meint at det var ni. Sidan lusa skiftar skal mellom kvart stadium, har han også færre skalskifte enn det ein tidlegare har trudd, noko som kan vere viktig kunnskap i kampen mot lakselus på oppdrettsfisk.

Ein av grunnane til at forskarane frå Havforskingsinstituttet og Sea Lice Research Centre ville undersøkje om talet på skalskift hos lakselus var riktig, var at det er uvanleg med ni skalskift før det vaksne stadiet i den dyregruppa som lakselusa tilhøyrer. Dei nye resultata viste at det riktige var at han har sju skalskift før han er vaksen, og dermed har han ein enklare livssyklus enn det ein tidlegare meinte.

Tidlege stadiar av lakselusa si utvikling

Tidlege stadiar av lakselusa si utvikling: Etter klekking av egga lev lakseluslarvane i dei frie vassmassane ein kort periode før copepoditten (ca 0,7 mm lang, til venstre i illustrasjon) festar seg til laksen. Her lever han ei kort veke før han limer seg fast med eit filament. Medan lakselusa heng fast i filamentet blir den kalla chalimuslarve, og den skiftar skal to gonger før den slepp taket og vandrar fritt rundt på laksen som pre adult (sjå til høgre i illustasjonen). Tidlegare trudde ein at lakselusa hadde fire chalimusstadier.

Foto: Lars A. Hamre, UiB

- Dei to stadia som no har ”forsvunne”, var to av dei fire fastsitjande stadia ein trudde lusa hadde. At lusa er fast på fisken, gjer det vanskeleg å følgje med på kva som skjer, og det er nok noko av bakgrunnen for at ein tok feil tidlegare. I tillegg viste det seg at lakseluslarvar (chalimus) veks mykje mellom skalskifta. Vanlegvis må dyr som skiftar skal, vekse i samband med skalskifta, men hos lakselusa viser det seg at lusa veks mykje inne i skalet i tillegg til veksten ein observerer under skalskiftet, fortel forskarane bak dei nye resultata.

Viktige resultat

Dei nye resultata er viktige både for forskarane og for oppdrettsnæringa.
- For oss forskarar er det sjølvsagt viktig å ha mest mogeleg kunnskap om dyret vi arbeider med. I tillegg er ein av metodane som oppdrettsnæringa brukar i kampen mot lakselusa, å påverke skalskifta hos lusa slik at dei ikkje overlever, og då er det sjølvsagt viktig å vite kor ofte dei skifter skal, fortel forskarane.

Referanse

Resultata er publiserte i PlosONE. Artikkelen "The Salmon Louse Lepeophtheirus salmonis (Copepoda: Caligidae) Life Cycle Has Only Two Chalimus Stages"er skriven av forskarar frå Universitetet i Bergen (Sea Lice Research Centre), Havforskingsinstituttet, University of Sterling og Natural History Museum i London.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Sussie Dalvin
454 20 055
Rasmus Skern
400 69 007
Beate Hoddevik
908 21 630