Hopp til hovedteksten
Lise Doksæter Sivle
Lise Doksæter Sivle
Foto: Anne Jo Lexander, Askøyværingen
Utskriftsvennlig versjon

Klar til duell i Egget

Lise Doksæter Sivle er opptatt av å få forskinga ut og fram. Ho har avansert frå forskar grand prix til forskarduellen.  

Lise Doksæter Sivle var Havforskingsinstituttet sin kandidat då forskar grand prix vart arrangert for første gong i 2010. Då var ho halvvegs i doktorgradsstudien sin, og med framføringa om sonarar og skremt fisk hevda ho seg godt i konkurransen. 

Duellerer i formidling

I dag har Lise Doksæter Sivle ei post doc-stilling på Havforskingsinstituttet, og ho engasjerer seg framleis i forskingsformidling. Under Forskningsdagene ung, som vender seg til elevar i den vidaregåande skulen, er ho med på Forskarduellen i Egget på Studentsenteret. Fire forskarar får fire minutt kvar på scena. Publikum, altså elevar frå vidaregåande, stemmer  fram den beste formidlaren. Det er også elevar som leiar seansen.

Når eit anna publikum

Lise Doksæter Sivle skal også denne gongen snakka om sonarar og korleis dei påvirkar sild og kval. Ho gler seg til å konkurrera framfor det unge publikummet.

– Det er spennande  å prøva noko nytt. Eg liker utfordringa det er å snakka til andre enn forskarkollegaer. Då må eg tenkja gjennom stoffet mitt, og responsen frå salen viser med ein gong om eg har nådd fram med det eg vil fortelja.

Viktig rekruttering

Saman med faggruppe observasjonsmetodikk deltok Lise Doksæter Sivle på Forskningsdagene Ung også i fjor, då arrangementet vart skipa til for første gang. Faggruppa hadde eit opplegg med lyd i vatn i bassenget på studentsenteret. Ho meiner det er viktig å møta ungdommar som er i ferd med å velja utdanningsveg:
– Det er jo på sånne stader vi kan hanka inn komande studentar!

Dei andre som er med i Forskarduellen er Stine Kristoffersen  frå Gades institutt på UiB, Ellen Vea Rosnes frå UiS og Marius Storvik frå UiT. Alle tre har vore med i forskar grand prix tidlegare.
   

Les sak i Askøyværingen:

Forskningsdagene i Bergen 2013

Forskar grand prix torsdag 19. september kl. 19:00 på Verftet:
Ingrid Askeland Johnsen stiller frå Havforskingsinstituttet. Ho viser kva som kan skje når lakselusa driv med straumen i fjordane våre. 

Forskningstorget laurdag 21. september på Festplassen kl. 11:30:
Lær meir om leppefiskane som plukkar lus av oppdrettslaksen. Akvarium med leppefisk, krabbe og andre kystnære artar. Forskarane fortel om dei flittige leppefiskane og svarar på spørsmål.

Foredrag i Litteraturhuset laurdag 21. september kl. 12:00:
Karin Kroon Boxaspen snakkar om framtidas havbruk: Kan det drivast berekraftig?

Debatt i Litteraturhuset måndag 23. september kl. 19:00:
Er det farleg å eta oppdrettslaks? Fire ekspertar på kvar sitt felt tar debatten. Ole Torrissen stiller frå Havforskingsinstituttet.

Forskarduellen fredag 27. september i Egget på Studentsenteret:
Lise Doksæter Sivle har fire minutt på seg til å visa kor god formidlar ho er. Elevar frå vidaregåande skule bestemmer kven av dei fire duellantane som er best.

Les heile programmet:
Forskningsdagene Bergen
 

Her er vi også med: 
Forskningsdagene Troms
Forskningstorget i Arendal

Kontaktpersoner