Hopp til hovedteksten
Krabbestudie
Nina Sandlund forklarar litt om krabbebiologi til lydhøre sjetteklassingar.   
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Fanga interessa med krabbar, kval og hummar

Fredag og laurdag var det forskingsdagar over heile landet. Havforskingsinstituttet var representert på Festplassen i Bergen, på Strandtorget i Tromsø, i Kristiansand og i Grimstad.  

To utstillingsbasseng med krabbar, sniglar og sjøstjerner var trekkplaster på standen i Bergen.

Leppefisk og kunstig tare

For dei som var ekstra nyfikne var det også eit og anna å plukka opp om leppefisk. Eit akvarium med blant anna grøngylt og bergnebb inspirerte til vidare lærdom. Overraskande mange valde å prøva seg på leppefisk-quizen, som heldigvis ga premie uansett resultat. Stein Mortensen var der for å gje ytterlegare kunnskap om leppefisken og deira liv som luseplukkarar i oppdrettsanlegg langs kysten. 

På familiedagen laurdag var det tidvis kø framfor krabbebassenget, men Nina Sandlund, som også stod på stand fredagen, fann tid til alle. Reidun Bjelland frå forskingsstajonen Austevoll tok seg av dei leppefisk-interesserte. Med seg frå Austevoll hadde ho ein gigantisk kunstig tare, som fekk mange til å klø seg i hovudet.  

Kvalaoke

Martha Uumati overtalte små og store til å prøva seg på kvallydar.

Foto: Gunnar Sætra

”Kvalaoke” i Tromsø

I Tromsø arrangerte Havforskinga ”kvalaoke”, der deltakarane skulle etterlikna kvalsong. Først fekk dei høyra korleis ein kvalart sender signal i vatnet – etterpå skulle dei etterlikna lyden. Det var ”fullt kjør” på standen både fredag og laurdag, ikkje minst takk vere entusiasmen til Martha Uumati frå faggruppa for observasjonsmetodikk. Ho lokka både store og små til å prøva seg.

Kjempehummar

Heidi Thygesen Fiskaa og Marte Sodeland hadde blant anna med seg dette prakteksemplaret av ein hummar til Grimstad.

Full trøkk i Grimstad

Tilsette fra Forskningsstasjonen Flødevigen er denne veka med på tre forskingstorg. To av arangementa gjekk av stabelen i helga, det tredje finn stad i Arendal sentrum komande laurdag.
Heidi Thygesen Fiskaa og Marte Sodeland sto i Grimstad. Her er deira rapport:

Veldig artig, masse folk og ”trøkk” fire timar i strekk! Alt av medbrakte brosjyrar, hefte, rapportar og plakatar vart riven bort. Anslagsvis 1000 menneske var på forskingstorget denne dagen. Vi hadde konkurransar med fine premiar, og borna syntes det var veldig gøy. Dei aller minste fekk tippa kva som ikkje høyrer heime i havet i ei stor bøtte med vatn og mange fine artar. Skuleborna fekk løysa oppgåver og læra korleis genetiske metodar kan brukast for å læra om livet i havet.

torg_kristiansand.jpg

Tonje Sørdalen Knutsen og Kim Halvorsen (ikkje med på biletet) delte av kunnskapen sin på torget i Kristiansand.  

Amerikansk spion i Kristiansand

I Kristiansand var det Kim Halvorsen og Tonje Sørdalen Knutsen som delte av kunnskapen sin. Dei hadde følgjande å melda:

Masse folk! Vi viste fram levande leppefisk, kongsnegl, sjøstjerner og ein liten hummar (mistenkjeleg amerikansk spion), som fekk masse oppmerksomhet. Vi arrangerte quiz for store og små (dei små vant alltid). Dei mange frammøtte fekk også høyra om kvardagen på forskningsstasjonen i Flødevigen og det fine samarbeidet mellom Havforskningsinstituttet og UiA.     

Se nrk-innslag fra Tromsø:

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384