Hopp til hovedteksten
Torsk.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Torsken langt mot nord, men ingen rekord

Årets økosystemtokt i Barentshavet viser at torsken har lagt beitevandringa si langt mot nord i år, men ”verdsrekorden” for nordleg utbreiing står framleis ved lag, skriv forskarane Bjarte Bogstad, (Havforskingsinstituttet) og Dmitrij Prozorkevitsj (Pinro, Murmansk) i denne oppsummeringa.

På årets norsk-russiske økosystemtokt i Barentshavet fann ein dei største konsentrasjonane av torsk langt nord i Barentshavet – mellom 78° og 80° nord – aust for Svalbard og sørvest for Frans Josefs Land. I dette området var det også mykje lodde, som er den viktigaste maten for torsk. Utbreiinga av torsk strekker seg elles over mesteparten av Barentshavet. I fjor fann vi torsk så langt  nord som til 82 grader 30 minutt, og denne ”verdsrekorden” i nordleg torskeutbreiing står framleis ved lag.

Utbreiing_torsk_2013.jpg

Geografisk fordeling av torsk i Barentshavet i august – september 2013 (kg/tråltime).

Dei største konsentrasjonane av hyse vart funne i russisk sone i det søraustlege Barentshavet, men det var også enkelte store konsentrasjonar av hyse i Bjørnøya-Hopen området og på vestkysten av Svalbard.

Hyseutbreiing_2013.jpg

Geografisk fordeling av hyse i Barentshavet i august – september 2013 (kg/tråltime).

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352