Hopp til hovedteksten
lodde_jm2001_007.jpg
Russiske forskarar har funne meir lodde nord og aust i Barentshavet.
Foto: Arkivfoto
Utskriftsvennlig versjon

Meir lodde i nord og aust – truleg nytt lodderåd

Russiske havforskarar har funne ein del meir moden lodde langt nord og aust i Barentshavet. Det vil etter alt å døma føra til revisjon av rådet for loddefisket i Barentshavet i 2014.

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette loddekvoten for 2014 til 15.000 tonn under møtet som vart avslutta 11. oktober. Kvoten var i tråd med rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).

Det norsk-russiske økosystemtoktet i  Barentshavet var enno ikkje avslutta då møtet fann stad, og  bestandsutrekningane som vart gjorde i forkant av møtet baserte seg på kunnskapen som då låg føre. Det same gjorde rådet frå ICES.

Fann meir lodde

Etter dette heldt russarane fram toktet i nord og aust og fann noko meir lodde. Figuren viser kvar det russiske fartøyet ”Vilnius” fann lodde etter at dei første utrekningane var gjorde (områda merka med raude sirklar). Nesten all lodda i desse områda var stor, modnande lodde. Dette kom uventa, sidan vi i dei 41 åra med tokt etter lodde om hausten aldri før har funne lodde så langt aust som dette.

– Då desse resultata nådde oss gjorde vi utrekningane på nytt, i samråd med våre russiske kollegaer, seier leiaren i arbeidsgruppa for arktiske fiskeri i ICES, Bjarte Bogstad.

– Om Fiskerikommisjonen ber om det, vil ICES med grunnlag i desse nye tala revurdera rådet som vart gjeve den 8. oktober, seier han.

Lodde_i_nord_og_aust.jpg

Figuren viser kvar det russiske fartøyet ”Vilnius” fann lodde etter at dei første utrekningane var gjorde (områda merka med raude sirklar). Nesten all lodda i desse områda var stor, modnande lodde.

Endra kvoteråd?

Revisjonen medfører ein auke i modnande bestand frå 1.28 til 1.47 millionar tonn, som kan føra til ein auke i kvoterådet frå 15 000 tonn til 65 000 tonn. Bogstad fortel vidare at hovudgrunnen til at toktet ikkje vart ferdig i tide, var at russarane som vanleg skulle dekke russisk sone åleine med berre eit fartøy.

– Når det då sto fisk så langt nord og aust, og dei i tillegg måtte ein ekstra tur til lands i løpet av toktet, vart dekninga altfor seint ferdig. Vi kjem til å arbeida for at neste års toktplan blir slik at dekninga av lodde (og resten av økosystemtoktet) blir ferdig og bestandsvurderingane endeleg avslutta før kommisjonsmøtet, avsluttar Bogstad.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352