Hopp til hovedteksten
lodde_jm2001_007.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Loddebestanden som i fjor, men mindre modnande lodde

Det er omtrent like mykje lodde i Barentshavet i år som i fjor, men det er meir unglodde og mindre modnande fisk i loddebestanden i år.

På det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet i august-september vart totalbestanden av lodde målt til 3.8 millionar tonn, som er ein svak auke frå i fjor. Men mengda modnande lodde, som er utgangspunktet for berekning av ein eventuell fangst av lodde i 2014, vart målt til 1.3 millionar tonn. Dette er ein reduksjon på 35% i høve til i fjor, noko som i hovudsak skuldast at lengdeveksten har gått monaleg ned. Gjennomsnittsvekta i kvar aldersgruppe har derfor også gått ned, som er framhald av ein trend gjennom dei siste åra.  Lodda har ei sterk nordleg utbreiing (figur). Kvoterådet frå ICES vil kome den 8. oktober, og den norsk-russiske fiskerikommisjonen vil neste veke ta stilling til eit mogleg loddefiske og fastsetje kvoten for 2014.

Mengda av årsyngel er på gjennomsnittleg nivå, så rekrutteringstilhøva har i år vore dårlegare enn i fjor, då mengda årsyngel var rekordhøg.

Loddedistribusjon_2013.jpg

Fordeling av lodde i Barentshavet. (Grafikk: Havforskingsinstituttet)

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177
Bjarte Bogstad
924 22 352