Hopp til hovedteksten
Lodde
Utskriftsvennlig versjon

Kvoterådet for lodde går kraftig ned


Nedgangen i kvoterådet for lodde i Barentshavet er markant. 15 000 tonn er tilrådinga frå forskarane; det er 185 000 tonn lågare enn rådet som vart gitt i fjor.

Den vesle laksefisken lodde vert sjeldan eldre enn fem år, og lever heile sitt korte liv i Barentshavet. Der spelar lodda ei sentral rolle som føde for torsk og annan fisk, sel, kval og sjøfugl.  

Lite moden lodde

I rådet heiter det at den modnande delen av loddebestanden er langt mindre enn tidlegare. Den modnande fisken er 3–5 år gamal og lengre enn ca. 14 cm, og det er denne delen av bestanden det vert fiska på.
Samstundes som den modnande delen er mindre, er det meir umoden fisk enn på lenge. Det skuldast ein nedgang i veksten hos lodda, og gir seg desse utslaga: Langt færre individ har nådd ei lengde der modninga startar. I tillegg har desse individa lågare gjennomsnittleg vekt.

Gytebestanden for 2014 er rekna å verta om lag 375 000 tonn. Grunnen til nedgangen frå 1,3 millionar tonn til venta gytebestand, er venta beiting av ein stor torskebestand og fisket.

Les heile rådet:

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177