Hopp til hovedteksten
Oppdrettsanlegg
Utskriftsvennlig versjon

Havforsking på det jamne

-Eg er nøgd med at det er føreslått å auke innsatsen innanfor akvakultur med 4 millionar kroner, seier administrerande direktør Tore Nepstad om forslaget til Statsbudsjett 2014.

Havforskingsinstituttet har kalkulert med at det trengs nær 40 millionar for å løfte overvakinga av akvakulturnæringa til eit robust nivå. –Dei 4 millionane som no vert føreslegne set oss i stand til å starte arbeidet, seier Nepstad.

Budsjettforslaget er elles ei vidareføring av 2013-budsjettet. Det inneber at  det ikkje er gitt midlar til å styrke innsatsen på havet. –Vi treng større innsats for å auke forståinga av det som skjer i våre store økosystem, til dømes i Norskehavet. Budsjettforslaget gir ikkje opning for det, understrekar Nepstad.

- For Havforskingsinstituttet er det svært gledeleg at Regjeringa tar sikte på å opprette eit Fisk for utvikling-program, seier Tore Nepstad. -Dette er eit løft for utviklingssamarbeid knytt til fisk og marine ressursar, og inkluderer bygginga av eit nytt, moderne forskingsfartøy som skal vere klart i 2016. Programmet byggjer på at utviklingsland har uttrykt behov for norsk ekspertise på eit område kor Noreg er leiande i verda, konkluderer Nepstad.

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602