Hopp til hovedteksten
Torsk
Foto: Anette Karlsen
Utskriftsvennlig versjon

Austleg torskerekord

Under haustens norsk-russiske økosystemtokt i Barentshavet fann det russiske forskingsfartøyet ”Vilnius” torsk lenger aust enn nokon gong før, slik kartet viser.

Den austlegaste torsken fann dei på 79 grader 36 minutt aust i det nordlege Karahavet. Norske og russiske forskarar kjenner ikkje til at det nokon gong tidlegare har vore funne torsk så langt mot aust. Torsken har truleg følgt etter lodda inn i dette området, som dessutan er grunt nok til at torsken kan trivast der. Temperaturen i området er også for tida høveleg for torsken, og ein kan ikkje sjå bort frå at det blir meir torsk i dette området i åra som kjem.

I fjor vart det sett nordleg verdsrekord for torsk då ein fann torsk heilt nord til 82° 30’ N, og i år altså austleg verdsrekord.

Torsk_i_nordaust.jpg

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352