Hopp til hovedteksten
Stim med sild.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Skremmer stillegåande fartøy fisken?

For å hindra at fisken vert skremt vekk av motorstøy før dei rekk å mengdemåla han, byrja havforskarane med støysvake fartøy på 1990-talet. No viser det seg at fartøystøy åleine ikkje kan forklara kvifor fisken vik unna; truleg gjer fisken ei «risikovurdering» før han bestemmer seg for om det er vits i å stikka eller ikkje. 

Fartøystøy i seg sjølv forklarar ikkje kvifor fisken reagerer eller ei, seier Nils Olav Handegard, som er leiar av CollPen-prosjektet (CollPen: Collective behaviour of penned herring). Saman med kollegaer på Havforskingsinstituttet har han gått gjennom publiserte resultat på området. Gjennomgangen, som nyleg er publisert i ICES Journal of Marine Science, viser at problemet med fisk som vik unna, varierer mellom artar, tid og stad.

Støystandard

For å måla dei ulike fiskebestandane nyttar forskarane trål og ekkolodd (akustikk) om bord på forskingsfartøya. Enkelt forklart kan ein seia at styrken av ekkoet vert brukt til å rekna fiskemengde, medan trålfangstane vert brukt til å fordele fisk i grupper av storleik og art.
Men ekkoloddmetoden er ikkje uproblematisk; kva om forskingsfartøyet skremmer bort fisken før han vert målt? Denne uvissa har forskarane kjent til lenge, og på 1990-talet vart det utarbeidd ein standard for maksimalt utsendt støy frå forskingsfartøy.

– Fleire fartøy vart bygd etter den nye standarden, og mange meinte at problemet var løyst, fortel Nils Olav Handegard.

Men, skulle det visa seg, den nye standarden løyste ikkje alle problema. I 2007 publiserte ei gruppe forskarar frå Havforskingsinstituttet ein studie som viste at fisken reagerte meir på eit fartøy som var bygd i samsvar med standarden enn på eit konvensjonelt fartøy. Forskarane var i villreie; var dette eit eingongstilfelle eller er det verkeleg slik at støyande fartøy er mindre skremmande enn stillegåande fartøy?

Motivasjon og tilstand

Handegard og kollegane i CollPen-prosjektet har funne fleire døme der fisk reagerer kraftig på fartøyet uavhengig om det er støysvakt eller konvensjonelt. Desse reaksjonane kan i sin tur føra til feil i målingane som vert gjorde om bord. 

– Reaksjonane til fisken er høgst variable og utan eit klart mønster, både generelt og i tilfelle der ein har direkte samanlikning mellom støysvake og konvensjonelle fartøy. Sidan fisken kan høyra begge typar fartøy, er det truleg viktigare korleis fisken tolkar signala enn styrken på støyen. Vi kan seia at fisken føretek ei risikovurdering; kva er kostnaden ved å flykta versus kostnaden ved å bli? Då spelar det ei rolle kva fisken held på med, om han til dømes et, og kor mykje energi han må bruka om han rømmer, forklarar Handegard.

Treng kontinuerlig observasjon

På bakgrunn av forskingsgjennomgangen understrekar Handegard at enkle modellar som baserer seg på støynivå (lydtrykk) ikkje er tilstrekkeleg for å forklara variasjonen i fisk sin reaksjon mot fartøy.

– Det er i dag ikkje grunnlag for å seia at støysvake fartøy løyser problemet med fisk som vik unna. Truleg er kontinuerlege observasjonar av fisken sin reaksjon den mest effektive måten å korrigera problemet, konkluderer Handegard.

Referansar: 

Robertis, A. D., and Handegard, N. O. (2013). Fish avoidance of research vessels and the efficacy of noise-reduced vessels: a review. ICES J. Mar. Sci. 70, 34–45.
http://icesjms.oxfordjournals.org/content/70/1/34.full

Ona, E., Godø, O. R., Handegard, N. O., Hjellvik, V., Patel, R., and Pedersen, G. (2007). Silent research vessels are not quiet. The Journal of the Acoustical Society of America 121, EL145–EL150.