Hopp til hovedteksten
Undertegner_protokoll_Murmansk_140313_nett.jpg
Forskingsdirektørane Harald Loeng og Jevgenij Sjamraj underteiknar den nye utgåva av den norsk-russiske havforskingsavtalen. (Foto: Gunnar Sætra)
Utskriftsvennlig versjon

Fornya norsk-russisk havforskingsavtale

Havforskingsinstituttet og Pinro har fornya den norsk-russiske havforskingsavtalen. Denne veka har norske og russiske havforskarar hatt møte i Murmansk og planlagt korleis dei skal samarbeide i året som kjem.

I år er det 55 år sidan den første formelle samarbeidsavtalen blei underteikna, og det er også 55 år sidan Havforskingsinstituttet sende den første delegasjonen sin til søsterinstituttet Pinro i Murmansk.

Stor delegasjon

– Det er ikkje mykje nytt i denne avtalen, men den er eit naudsynt dokument i samarbeidet vårt. Det viser kva vi skal samarbeide om og korleis vi skal gjere det, seier forskingsdirektør Harald Loeng ved Havforskingsinstituttet.

I år var det 27 personar frå Havforskinga som deltok på det årlege forskarmøtet, og dei aller fleste er forskarar. Det er ein av dei største delegasjonane som nokon gong har reist til Murmansk.
– Samarbeidet vårt vert stadig utvida og omfattar nye område. Difor er desse årlege forskarmøta svært nyttige og viktige for oss, seier Loeng.

 

Pa_Pinro-trappa2_130313_nett.jpg

Det var adskillig fleire deltakarar på årets norsk-russiske havforskarmøte...

Foto: Gunnar Sætra

 

Økosystemtilnærming

Dei norsk-russiske havforskarmøta føregår i Russland og Noreg annakvart år, og dei følgjer møtemønsteret til den norsk-russiske fiskerikommisjonen.
– Denne avtalen viser kor tett vi samarbeider, og eg er svært glad for at vi styrker økosystemtilnærminga i arbeidet vårt og ikkje berre forskar på enkeltartar, sa forskingsdirektør Jevgenij Sjamraj ved Pinro etter at avtalen var underteikna.

 

21_PINRO_pa_trapp_ny_nett.jpg

.....enn for 55 år sidan.

Foto: Pinro

Kontaktpersoner

Harald Loeng
970 75 858
Gunnar Sætra
916 11 414