Hopp til hovedteksten
Torsketokt
Stor torskefangst etter et prøvekast om bord på forskningsfartøyet ”Johan Hjort”.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Nytt rekordråd for barentshavtorsken

Kvoterådet for torsk for 2014 er på nesten ein million tonn. Berre ein gong tidlegare er det gitt eit så høgt råd. 

For tredje år på rad kjem det eit rekordstort torskeråd frå havforskarane. Kvoterådet for neste års torskefiske er på 993 000 tonn, som er 50 000 tonn høgare enn rådet som vart gitt i fjor.

Godt med mat i Barentshavet og ei målretta forvalting forklarar det høge kvoterådet, seier forskar Bjarte Bogstad.   
– Det har vore varmare i Barentshavet dei siste åra, og dermed har torsken eit større område med trivselstemperatur og gode beiteforhold.  

Dei årlege kvoteråda på dei arktiske bestandane av torsk, hyse, sei, blåkveite, kysttorsk og uer (vanleg uer og snabeluer) vert gjevne av ICES; det internasjonale rådet for havforsking. Politikarane bestemmer den endelege kvoten, som for torsken sin del enda på ein million tonn for inneverande år. Noreg deler kvoten med Russland og tredjeland, og for neste år vil Noreg sin del av torskefisket utgjera ca. 470 000 tonn.

Til no i år har norske fiskarar teke i land 287 000 tonn torsk. Saman med torsk utgjer hyse og sei dei økonomisk viktigaste artane i dei norske fiskeria på kvitfisk. For 2013 ser det ut til at det til saman vert fiska om lag 700 000 tonn torsk, hyse og sei. Det er det høgaste volumet nokon sinne. 

Vanleg uer er blant dei arktiske bestandane som slit. Den rødlista arten er kategorisert som sterkt truga, bestanden minkar stadig og ICES rår til nullfiske.   
 

Her finn du alle kvoteråda

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352
Marie Hauge
975 68 384