Hopp til hovedteksten
Smolt med lakselus.
Smolt med lakselus.
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

Lite lakselus i vår

Dei fyrste resultata frå overvakinga av lakselus langs kysten av Vest- og Midt-Noreg viser at det truleg var lågt infeksjonspress frå lakselus under utvandringa til både sjøaure- og laksesmolt. Årsaka er truleg den kalde og seine våren i kombinasjon med tiltak frå forvalting og næring.

Dette kjem fram i den foreløpige statusrapporten om lakselusinfeksjon på vill laksefisk som Havforskingsinstituttet har levert til Mattilsynet. Overvakinga blir utført av Havforskingsinstituttet i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA). Også UNI Miljø deltek i arbeidet.

Betre enn i fjor

- Dei foreløpige tala indikerer at infeksjonspresset frå lakselus så langt har vore svært lavt i Rogaland. Infeksjonspresset har også vore lavt i Hardangerfjordsystemet, Sognefjordsystemet og Romsdal- og Trondheimsfjordsystemet, og lakselussituasjonen er til no i år betydelig betre enn i fjor, seier Pål Arne Bjørn som leiar den nasjonale overvakinga.

I rapporten konkluderar forskarane med at resultata til no tyder på at 2013 blir eit år med  lavt infeksjonspress langs delar av Vest- og Midt-Noreg om våren og forsommaren, og at både sjøaure- og laksesmolt ser ut til å ha fått lave infeksjonar under smoltutvandringa.

Infeksjonspresset aukar med temperaturen

Overvakinga held fram utover sommaren, og då vert også områda frå  Namsenfjordsystemet og nordover inkludert. Sidan lakselusa si utvikling mellom anna er avhengig av sjøtemperaturen, tek det lenger tid før infeksjonspresset aukar i nord og overvakinga startar dermed seinare i dette området. Etter kvart som temperaturen stig, vert det også meir lus.

- Vi ventar at infeksjonspresset vil auke langs heile kysten utover sommaren og hausten, det er ei naturleg utvikling etter kvart som sjøtemperaturen stig, seier Bjørn.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Pål Arne Bjørn
976 17 140
Terje Svåsand
994 89 985
Beate Hoddevik
908 21 630