Hopp til hovedteksten
Jan_H._Sundet_maler_krabbe_nett.jpg
Seniorforskar Jan H. Sundet seier at det er mykje som tyder på at kongekrabba har etablert seg utanfor Søryøya i Vest-Finnmark.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Kongekrabba har etablert seg utanfor Sørøya

– Vi har funne ein god del småkrabbe utanfor Sørøya. Det kan tyde på at kongekrabba er i ferd med å etablere seg i dette området, seier seniorforskar Jan H. Sundet ved Havforskingsinstituttet. Han strekar under at et framleis er lite krabbe utanfor Vest-Finnmark.

Havforskingsinstituttet har nyleg avslutta det såkalla avgrensingstoktet – eit tokt som skal finne ut kor langt vest kongekrabba har komme.

Yngla

– Vi fann småkrabba på yttersida av Sørøya, og det kan tyde på at kongekrabba har yngla i området. Det er nytt frå tidlegare år, men ingenting tyder på at det er store mengder krabbe i området, seier han.
Forskarane sette ut teiner ein rekke stader, men dei registrerte lite krabbe.
– Vi har vore i både Altafjorden, Rognsundet, Vargsundet, Stjernsundet og så langt vest som til Bergsfjorden, nesten på grensa til Troms, men med unntak av yttersida av Sørøya var det berre i områda tett opp til Nordkapp at vi fekk nokre få eksemplar i teinene våre, seier Sundet.

Haldast i sjakk

Sundet seier det er eit godt teikn at kongekrabba ikkje er talrik vest for Nordkapp.
– Det ser ut til at det frie fisket og utryddingsfisket er med på å halde bestanden i sjakk. Det er iallfall ingenting som tyder på at det er dei naturgitte føresetnadene som hindrar utbreiinga av kongekrabba, avsluttar han.

Fakta om kongekrabbe

Latinsk navn: Paralithdodes camtschaticus
Utbredelse: Langs kystområdene og til havs i det sørlige Barentshavet, på dyp fra ca. 5-400 m, avhengig av årstid
Størrelse: Blir sjelden 8 kg, skjoldlengde på 2-23 cm i norske farvann
Føde: Bunndyr og planter. Børstemark og små muslinger står øverst på listen over byttedyr.

Kongekrabbe

Kontaktpersoner

Jan H Sundet
913 66 033