Hopp til hovedteksten
Hjelper havforskarane
Prøvetakarane frå dei åtte faste kyststasjonane (og den komande utanfor Frøya) var samla i Bergen for påskjøning og opplæring.
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Gjorde stas på reservestyrken

Dei gjer ein uvurderlig jobb, dei gode hjelparane som jamt og trutt gjer målingar for Havforskingsinstituttet på faste stasjonar langs norskekysten. Bård Børresen, den eldste prøvetakaren, er no 90 år. Han har målt temperatur og saltinnhald utanfor Eggum i temmeleg nøyaktig 40 år.
 

Bård Børresen har hatt hand om stasjonen Eggum på yttersida av Lofoten sidan 13. juni 1973. 90-åringen kan såleis feira 40-årsjubileum som prøvetakar i år.

Arveleg belasta

Sønene hans har overteke oppgåva eit stykke på veg, og tredje generasjon Børresen er også engasjert i målingane. På svært mange av stasjonane har arbeidet med vassprøvane gått i arv i same familie. Normalt vert det gjort ein til to målingar i månaden året rundt. 
Dei åtte faste stasjonane, der Lista er den sørlegaste og Ingøy den nordlegaste, vart oppretta mellom 1935 og 1947. I dag utgjer målingane frå desse stasjonane verdas eldste marine tidsserie. Saman med dei faste snitta, som vert køyrde eit par gonger i året, og dei årlege forskingstokta, er prøvane frå målestasjonane sjølve fundamentet i Havforskingsinstituttet sitt overvakingssystem. 

Bidrar til arvegullet

For første gang sidan oppstarten i 1936 er prøvetakarane samla på eit brett. Under samlinga i Bergen fekk dei ein gjennomgang av bruksområda til målingane og ei oppfrisking av rutinar og prosedyrar. Men aller først på programmet stod ein takketale frå administrerande direktør Tore Nepstad.   

– Desse data er arvegullet vårt. Resten av verda misunner oss denne tidsserien, sa Nepstad, som også trekte fram miljøengasjementet og innsatsviljen som pregar arbeidet til dei lokale prøvetakarane.

Les om stasjonane her:

Se innslag i Vestlandsrevyen:

Kontaktpersoner

Jan Erik Stiansen
952 93 712
Marie Hauge
975 68 384