Hopp til hovedteksten
Torsk
Utskriftsvennlig versjon

Betring for torsken og raudspetta

Kvoteråda frå Det internasjonale råd for havforsking, ICES, syner at situasjonen for torsken og raudspetta i Nordsjøen ser lysare ut, medan det er meir på det jamne for dei andre bestandane.

For torsken i Nordsjøen har det vore ei gradvis forbetring i bestandssituasjonen, og den nyaste vurderinga frå ICES syner at gytebestanden har auka frå eit rekordlågt nivå i 2006 til kritisk nivå i 2013. Dette skuldast hovudsakleg at fisketrykket har avteke sidan årtusenskiftet og nærmar seg eit nivå som vil gi høgt langtidsutbytte. Rådet for 2014 er gjeve i tråd med haustingsregelen og er knapt 29 tusen tonn landingar, som tilsvarar ein fangst på over 37 tusen tonn med dagens utkastprosent.

Lågare kvote for hyse og sei

Bestanden av hyse er på nivå med det han var i fjor, og både gytebestandsnivået og haustingstrykket er på forsvarleg nivå. Men rekrutteringa har vore svak dei siste åra og kvoterådet for 2014 i tråd med haustingsregelen på vel 40 tusen tonn er difor 15% lågare enn kvoterådet for 2013, og svarar til ein fangst på om lag 45 tusen tonn med dagens utkastprosent.

Bestandssituasjonen for seien i Nordsjøen er ekstra usikker, fisketrykket synes vera på forsvarleg nivå, men sidan rekrutteringa har vore svak dei seinare åra har gytebestanden minka sidan 2005, og er no like under føre-var-grensa. Forvaltingsrådet for 2014 er 15% lågare enn det for 2013, med totale landingar på vel 85 tusen tonn.

Føre var for kvitingen

For kviting er bestandssituasjonen også usikker. Fisketrykket har minka, men det har også gytebestandsnivået, fordi det har vore svak rekruttering dei siste 10-12 åra. Forvaltingsrådet ut frå føre-var-tilnærminga er ein totalfangst på ca 37 tusen tonn.

Rekordstor raudspettebestand

Bestanden av raudspette har auka monaleg sidan årtusenskiftet og er no rekordstor. Fiskepresset har minka til eit nivå som gir høgast langtidsutbytte. Kvoterådet er på over 150 tusen tonn.

I tillegg til einbestandsråd for over tretti bestandar i Nordsjøen og tilgrensande områder, har Det internasjonale havforskingsrådet utarbeidd scenarier knytt til blandingsfiskeri og til fleirbestandsforvalting. Dette er ikkje konkrete råd om forvalting, men konsekvensutgreiing av ulike forvaltingsopsjonar. Mykje av fisket er blandingsfiskeri, og utgreiingane viser at kvotane på torsken set grensene for utnyttinga av andre bestandar. Dersom ein held seg til det tilrådde kvantumet torsk, vil dette føra til at kvotane av mange av dei andre bestandane ikkje kan utnyttast fullt ut.

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177
Else Torstensen
958 72 665