Hopp til hovedteksten
Formidlingsprisen
Even Moland (t.v.) og Tore Haug fekk kvart sitt diplom og helvta kvar av prispengane på 10 000 kroner. Kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft delte ut prisen.  
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Nord og sør tok prisen

Det høga nord og det blide Sørland møttest på podiet under Havforskingsinstituttet si årlege fagsamling denne veka. Tore Haug frå Tromsø-avdelinga og Even Moland frå Forskingsstasjon Flødevigen delte formidlingsprisen 2012. 
 

Prisutdelinga finn stad heilt i starten på todagarsseminaret i Bergen, der heile Havforskingsinstituttet er samla til fagleg påfyll. I år vart det delt ut fire ulike prisar.

Forståeleg språk

Tore Haug har arbeidd med kval og sel i fleire tiår. Han har alltid vore interessert i å nå ut til flest mogleg med forskinga si.
– Han er tilgjengeleg for media i og utanfor arbeidstid, snakkar eit språk alle forstår og forklarer gjerne om noe er uklart. Ved å kommentera observasjonar vanlige folk gjer i nærmiljøet sitt, formidlar han marinbiologisk kunnskap til eit stort publikum. Haug deltar i debattar, har humor, tør å senka skuldrene og aksepterer at media må forenkla, skriv juryen i grunngjevinga si.

Når igjennom

Om Even Moland heiter det at: «han formidlar sin kunnskap på ein god og ekte måte. Han når gjennom  i ein medievrimmel der det kan vere vanskeleg å få spalteplass.»
– Med alt frå kronikkar i landsdekkande aviser til naturprogram på riksdekkande fjernsyn, presenterer han Havforskingsinstituttet og deira arbeid på ein populær måte, skriv juryen.

Genetisk godsak

Flødevigen var også på pallen då publiseringsprisen vart delt ut. Halvor Knutsen er hovudforfattar på årets beste artikkel 2011. Artikkelen undersøkjer viktigheita av små genetiske forskjellar hos nærliggjande torskepopulasjonar, og byggjer på ein studie som kombinerer matematikk, genetikk og merkeforsøk.
Juryen seier blant anna: «(…) et spesielt omfattende datagrunnlag og omfattende analyse der resultatene fra ulike metoder kombineres på en god måte. Vi forventer at arbeidet vil være hyppig lest og sitert i tiden som kommer og noterer at arbeidet allerede rukket å oppnå 13 siteringer i ISI.»

Publiseringsprisen

Halvor Knutsen (t.h.) har vist at sjølv om dei genetiske skilnadane hos kysttorsk er små, så er dei viktige. Arbeidet er alt flittig sitert. Forskingsdirektør Einar Svendsen delte ut prisen for beste publikasjon i 2011.   

Foto: Kjartan Mæstad

Gjengangar i finalen

Det er femte gongen Halvor Knutsen er blant dei tre nominerte til publiseringsprisen. Det var artikkelen «Are low but statistically significant levels of genetic differentiation in marine fishes 'biologically meaningful'? A case study of coastal Atlantic cod», som endeleg sikra sigeren.
Det kom inn 16 forslag til prisen for beste publikasjon. Dei to andre finalistane var «Biomarkers in natural fish populations indicate adverse biological effects of offshore oil production.», som vart presentert av Jarle Klungsøyr og «Recruitment variability in North Atlantic cod and match-mismatch dynamics.». Her er Trond Kristiansen hovudforfattar. Artikkelen vart presentert av Svein Sundby. 

Gjev gode råd

John Dalen fekk Rådgjevingsprisen 2012. Det er leiinga og programleiarar som foreslår kandidatar til denne prisen. John Dalen har hovudansvaret for instituttet si rådgjeving om undersøkingar med seismikk. Sakshandsaminga er omfattande, og i toppåret 2007 behandla Dalen 300 saker. I grunngjevinga blir det spesielt lagt vekt på at innsatsen er grundig og prega av fagleg substans. John Dalen vart også rosa for si evne til rask omstilling når instituttet vert utfordra på nye rådgjevingsfelt (vindmøller i sjøen). 

Rådgivningsprisen

John Dalen (t.v.) fekk velfortent heider for stor og god rådgjevingsinnsats på seismikk undersøkingar. Forskingsdirektør Harald Loeng stod for overrekkinga av prisen.

Foto: Kjartan Mæstad

Beste orientering

Sidan i fjor er det også delt ut pris for beste Ukens orientering, Havforskingsinstituttet sitt vekevise føredrag. I 2012 var det 34 orienteringar, 27 av dei vart haldne av tilsette på instituttet. Dei tre finalistane er valde ut på bakgrunn av publikumsevalueringar etter kvart foredrag. Mari Myksvoll (spreiing av egg frå kysttorsk) og Jan Helge Fosså (deponering av gruveavfall) måtte sjå seg slått av Anne Christine Utne Palm. Hennar orientering handla om korleis matfisken Benguela-gobiden har tilpassa seg dei tøffe leveforholda på den oksygenfattige kontinentalsokkelen utanfor Namibia og Sør-Afrika.       

beste ukens orientering

Anne Christine Utne Palm kom frå UiB til Havforskingsinstituttet i fjor vår og har alt vunne prisen for beste ukens orientering. Petter Fossum overrekte diplom, sjekk og klem til prisvinnaren.    

Foto: Kjartan Mæstad