Hopp til hovedteksten
Nansen1000.jpg
Nansen
Utskriftsvennlig versjon

Nansen på North Atlantic Seafood

Gjennom snart 40 år har Noreg hatt fiskerisamarbeid med utviklingsland, med spesiell fokus på land i det sørlege Afrika. Målet har vore å dele kunnskap for å etablere god, forskingsbasert forvalting av landa sine eigne fiskeressursar. Dette vert eit viktig tema under North Atlantic Seafood Forum i Bergen kor over 30 representantar for afrikanske land er venta å delta.

Samarbeidet med land i det sørlege Afrika bærer namnet til Nansen, The Nansen Programme EAF-Nansen Project. I dette samarbeidet har og forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen spela ei sentral rolle.

FAO, FN sitt matvareprogram, er Noreg sin viktigaste samarbeidspartnar i prosjektet og i 2012 utpeikte dei Nansen-programmet til  eit av sine suksessprosjekt. Prosjektet vert presentert gjennom eit eige seminar tirsdag 5. mars kor sentrale aktørar frå FAO, samarbeidslanda og Havforskingsinstituttet står på talarlista. Programmet kan du lese her.

Les meir om Nansen programmet og utviklingssamarbeidet her.

Kontaktpersoner

Åsmund Bjordal
906 96 701